Grafisk element for opplæring, stilisert bølgje med bok og blyant
Grafisk element for opplæring, stilisert bølgje med bok og blyant

Politiske møte i veke 35

Det er møte i hovudutval for opplæring 27. august og i fylkesutvalet og fylkesutvalet som klagenemnd 28. august. I løpet av møtet til fylkesutvalet skal det også døypast ei redningsskøyte.

Hovudutval for opplæring

Hovudutvalet har møte på Sogn jord- og hagebruksskule tysdag 27. august kl. 10.30. I tillegg til sakshandsaming, vert det orienteringar om jord- og hagebruksskulen, om arbeidet med Vestland fylkeskommune og om status for investeringar og bygg.

Saksliste for hovudutval for opplæring 27. august 2019

Fylkesutvalet

Fylkesutvalet sitt møte vert på Fylkeshuset i Leikanger og startar kl. 09.30.

Program for møtet

Kl. 09.30: Fylkeshovudtillitsvalde/hovudsamarbeidsutvalet sitt møte med fylkesutvalet
Kl. 10.30: Møte i fylkesutvalet som klagenemnd og møte i fylkesutvalet
Kl. 12.00: Dåp av Redningsselskapet si redningsskøyte på Leikanger, på Sognefjord Hotel. Medlemene i fylkesutvalet får høve til å vere til stades under dåpen.
Kl. 14.00: Orientering om vassforvaltningsarbeidet ved nærings- og kulturavdelinga
Kl. 15.00: Møtet i fylkesutvalet held fram. Fylkesordføraren tek sikte på at møtet i fylkesutvalet vil vere ferdig seinast kl. 16.00.

Saksliste for møtet i fylkesutvalet 28. august 2019

Saksliste for møtet i fylkesutvalet som klagenemnd 28. august 2019

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontaktinfo

Jenny Følling
fylkesordførar
jenny.folling@sfj.no
479 05 990

Åshild Kjelsnes
fylkesvaraordførar
ashild.kjelsnes@sfj.no
918 88 568