Plansamling om reguleringsplanlegging og tettstadutvikling

Det vert plansamling over to dagar, 29. og 30. oktober i Sogndal på Quality Hotel.

I staden for plansamlinga vi har brukt å ha på hausten vil vi i år ha ei meir praktisk retta samling. Målet er at samlinga kan bidra til å svara på konkrete problemstillingar i kommunane.

Tema for plansamlinga

Dag 1: Reguleringsplanlegging (i samarbeid med KS og Asplan Viak)

Dag 2: Oppfølging av fylkeskommunen sin Strategi for tettstadutvikling og senterstruktur

Vi ønskjer at kommunane kjem med ønskje og aktuelle problemstillingar knytt til dei overordna temaa; reguleringsplanlegging og tettstadutvikling, slik at vi kan målretta innhaldet best mogleg. 

Meir detaljar om innhald i programmet og opplegget elles vert klart og sendt ut etter sommarferien. Vi oppfordrar dykk til å setja av datoane i kalenderen allereie no.

Vi trur dette kan vere nyttige dagar for planleggarar i alle kommunane og håpar på god deltaking!

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Marianne Bugge rådgjevar e-post: marianne.bugge@sfj.no mob: +4791532784

Plansjef

Plansjef Synnøve Stalheim portrett

Synnøve Stalheim

Synnove.Stalheim@sfj.no
57 63 81 13
478 97 260

Tilsette