Planprogram

I desember 2013 vedtok Fylkestinget gjeldande regional transportplan. Transportplanen skal reviderast kvart 4. år. I  Regional planstrategi 2016 – 2020 går det fram at regional transportplan skal reviderast/utarbeidast i løpet av 2016/17 med vedtak i fylkestinget i desember 2017.

På grunn av den strategiske rolla samferdsle og transport spelar for utviklinga av fylket, peikar planstrategien på dette på som eit heilt sentralt tema i regionalt planarbeid. RTP vil vere eit godt kunnskaps- og vedtaksgrunnlag for prioriteringar gjennom handlingsprogram og budsjettvedtak. Planen skal også vere eit grunnlag for å påverke/gje innspel til prosessar som gjeld Sogn og Fjordane, men som ligg utanfor fylkeskommunen sine direkte ansvarsområde, som til dømes til Nasjonal transportplan (NTP). RTP skal omhandle heile transportsystemet i fylket, også tema utanfor fylkeskommunen sitt ansvarsområde. RTP skal vere ein regional langsiktig strategiplan for transportsektoren i Sogn og Fjordane. 

Planprogrammet gjer greie for rammene for arbeidet, kva tema som skal greiast ut/analyserast og kva plantema Regional transportplan skal innehalde.

 

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Ole Ingar Hagen Hæreid
Plan- og beredskapsleiar
ole.hareid@sfj.no
415 30 954

Kontakt

Ole Ingar Hagen Hæreid
Plan- og beredskapsleiar
ole.hareid@sfj.no
415 30 954

Ansvarleg eining

Samferdsleavdelinga

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00