Foto som syner ei sandstrond i motlys. Sola er på veg ned, men har framleis eit stykke att før ho treff havet.
Foto som syner ei sandstrond i motlys. Sola er på veg ned, men har framleis eit stykke att før ho treff havet.

Foto: Sigrun Espe/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Planar under arbeid

Her finn du informasjon om kva regionale planar fylkeskommunen jobbar med no, og når desse skal vedtakast.

Regional planstrategi for Vestland fylkeskommune

Fylkestinga i Hordaland og Sogn og Fjordane har gitt fellesnemnda for Vestland fylkeskommune fullmakt til å starte opp førebuande arbeid med regional planstrategi for den nye fylkeskommunen. 

Meir informasjon om Regional planstrategi for Vestland fylkeskommune finn du her.

 

Regional planførsegn om lokalisering av handel og kjøpesenter (handelsføresegna)

Regional planføresegn om lokalisering av handel og kjøpesenter er eit middel for å oppnå god regional utvikling som balanserar omsynet til næringslivet, stadutvikling, arealforvaltning og klima- og miljø. Ei tydelig føresegn gagnar både den regionale utviklinga, kommunane og næringslivet. Fylkesutvalet varsla i møtet 26.09.2018 om oppstart av revisjonsarbeidet. Samstundes la dei utkastet til planprogrammet ut til offentleg ettersyn og høyring fram til 9. november.

Fylkesutvalet handsama planprogrammet for revisjon av planføresegn om lokalisering av handel og kjøpesenter (handelsføresegna) i sitt møte 03. desember 2018. Det kom inn fråsegn frå 9 ulike partar. Planprogrammet vart vedtatt i samsvar med tilrådinga frå fylkesrådmannen i fylkesutvalet den 03.desember.

 

Vegen vidare

Planarbeidet startar no opp i tråd med framdriftsplanen i planprogrammet. Arbeidet med kunnskapsgrunnlaget inkludert ei oppdatert handelsanalyse er starta opp. I perioden januar –april 2019 er det lagt opp til medverknad frå kommunane, innbyggarane, handelsstanden og regional stat. Det vil bli informert nærare om datoar og arenaer for medverknad for ulike grupper gjennom fylket sine profilar i sosiale medium og ved presseoppslag i tradisjonelle medium. Etter planen sender fylkesutvalet planføresegna på offentleg høyring 9.mai 2019, med frist for innspel 31.07.19.

 
 

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Synnøve Stalheim
Plansjef 
Synnove.Stalheim@sfj.no
57 63 81 13

Relaterte lenker

Tip a friendTips ein ven

Plansjef

Plansjef Synnøve Stalheim portrett

Synnøve Stalheim

Synnove.Stalheim@sfj.no
57 63 81 13
478 97 260

Tilsette