Pendling

Bu- og arbeidsområde som har tilstrekkeleg befolkningsgrunnlag (BAS) må definerast og prioriterast når det gjeld å legge til rette for pendling med buss. Det å endre folk sine reisevanar krev mykje langsiktig arbeid og ressursinnsats. For at eit samband skal vere eigna til dagleg pendling bør det ha god frekvens minst i tidsromma kl. 06.00 – 09.00 og kl. 15.00 til 18.00.

Dei fleste kommunane som har vidaregåande skular har også etablert arbeidsruter i tillegg til skulerutene. Områder som har skuleruter og arbeidsruter til kommune og regionsenter har eit minimumstilbod som gjev grunnlag for pendling for nokre reisande.

Utfordringar

Pendlarar har ulike arbeidstider og det må difor vere fleire alternative ruteavgangar for at rutene skal kunne gi eit tilbod til større grupper. Dei fleste pendlarar har behov for noko fleksibilitet både i forhold til arbeid, men og knytt til andre ærend. Spesielt på ettermiddag er det behov for nokre fleire avgangar for at pendling skal vere aktuelt.

I samband med årlege rutekjøp vert dei rutene som ikkje er lovpålagd og dei rutene med lågast inntening vurdert kutta. Dette er ofte ruter som kompletterer eit godt pendlartilbod, t.d. ei kveldsrute. Det er viktig med eit stabilt rutetilbod.

Det vil ikkje vere mogleg å etablere eit pendlartilbod for alle uavhengig av kvar i fylket ein bur. Bu- og arbeidsområde som har tilstrekkeleg befolkningsgrunnlag (BAS) må definerast og prioriterast når det gjeld å legge til rette for pendling med buss. Det å endre folk sine reisevanar krev mykje langsiktig arbeid og ressursinnsats. Avklaring av kva nivå rutestrukturen skal ha og stabile økonomiske rammer er viktig.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Ole Ingar Hagen Hæreid
Plan- og beredskapsleiar
ole.hareid@sfj.no
415 30 954

Kontakt

Ole Ingar Hagen Hæreid
Plan- og beredskapsleiar
ole.hareid@sfj.no
415 30 954

Ansvarleg eining

Samferdsleavdelinga

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00