Heim/Måløy vidaregåande skule/Elev og føresett/Elevtenester/Støtte og rådgjeving/Pedagogisk psykologisk teneste (PPT)

Pedagogisk-psykologisk teneste (PP)

Eit PP-kontor er ein stad der eleven kan få hjelp i spørsmål som gjeld hans/hennar personlege, sosiale eller skulemessige utvikling.

PP-tenesta kan hjelpe skulen med kompetanse- og organisasjonsutvikling slik at skulen vert betre i stand til å inkludere den enkelte elev i fellesskapet.

PP-tenesta skal også kartlegge, gi råd og utarbeide sakkyndig vurdering for dei elevane som har behov for dette.

Skulen kan hente inn råd frå PP-tenesta blant anna i desse sakene:

  • spesialundervisning på skolen (opplæringsloven § 5-1)
  • særskilt inntak til vidaregåande skoler (opplæringsloven § 3-1 sjette ledd)
  • utvida opplæringstid i vidaregåande opplæring (opplæringsloven § 3-1 femte ledd)

PP-tenesta utgreier og gir råd og rettleiing om elevar som har utfordringar som kan få konsekvensar for læring.

Eksempel på utfordringar er:

  • språk- og talevanskar
  • konsentrasjonsvanskar
  • sosiale og emosjonelle vanskar
  • åtferdsvanskar
  • syn- og hørselsvanskar
  • generelle lærevanskar eller fagvanskar
  • lese- og skrivevanskar
  • matematikkvanskar
  • nonverbale lærevanskar

 

Kven kan kontakte PP-tenesta?

Elever over 15 år, foreldre, skular og andre instansar, for eksempel helsesøster, kan kontakte og søke råd hos PP-tenesta. Om ein er bekymra for eleven si utvikling eller læring, kan ein drøfte dette anonymt med PP-tenesta, før det blir ei formell sak og ei tilmelding.

 

PP-tenesta har teieplikt

Opplysningar om eleven er unntatt offentligheit, og blir ikkje gitt vidare utan at foreldra eller eleven har godtatt dette. Informasjonen vert oppbevart i ein eigen journal eller mappe etter retningslinjer frå Datatilsynet.

Pedagogisk-psykologisk teneste på vilbli.no