Paal Fosdal vert ny assisterande fylkesrådmann

Fylkesrådmannen har tilsett Paal Fosdal som ny assisterande fylkesrådmann. Fosdal er i dag avdelingsdirektør i Statens vegvesen Region vest og er den faste stadfortredaren til regionvegsjefen.

Fosdal tiltrer stillinga som assisterande fylkesrådmann 1. desember 2014. Han vil likevel starte noko før for å få ei viss overlapping med Bjørn Birger Bremer – som i desember takkar for seg og vert pensjonist.

Fosdal er 52 år og cand.polit. frå Universitetet i Bergen (UiB). Han har hovudfag i informasjonsvitskap og støttefag i offentleg administrasjons- og organisasjonsvitskap og sosialøkonomi. Han har tilleggskompetanse i valobservasjon (UiB) og styrekompetanse (BI).

Fosdal arbeidde først ein periode i næringslivet, men har frå 1990 i hovudsak vore tilsett i ulike stillingar i Statens vegvesen. Frå 2007–10 var han dagleg leiar i Sogn Næring AS.

Fylkesrådmann Tore Eriksen ser fram til å samarbeide med Paal Fosdal og ønskjer han velkomen til fylkeskommunen.

Det var tre søkjarar til stillinga.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut