Paal Fosdal er ny assisterande fylkesrådmann

Måndag 1. desember 2014 tok Paal Fosdal til i stillinga som assisterande fylkesrådmann i Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Han kjem frå stillinga som avdelingsdirektør i Statens vegvesen, Region vest.

- Eg gler meg til å byrje på denne nye oppgåva. Fylkeskommunen leverer viktige tenester til folk i fylket, og har ei spanande tid føre seg, seier Fosdal.

Fosdal har vore tilsett i ulike leiarstillingar i Statens Vegvesen sidan 1990, no sist som leiar for Styring- og strategistaben i Region vest. Han har også erfaring frå næringslivet, og var frå 2007-2010 leiar i Sogn Næring AS. Av utdanning er han cand. polit. frå Universitetet i Bergen.

- Vi er glade for å ha Paal Fosdal med i fylkeskommunen framover. Eg gler meg til samarbeidet og ynskjer han velkomen, seier fylkesrådmann Tore Eriksen.

Fosdal tek over etter Bjørn Birger Bremer, som vart pensjonist 1. desember 2014.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut