Overskot på rekneskapen for 2009

Administrasjonen i Sogn og Fjordane fylkeskommune har no lagt fram rekneskapen for 2009. Rekneskapen er gjort opp med eit overskot på 38,9 millionar kroner.

Overskotet kjem fram slik:

7,2 mill kr meirinntekter fylkesskatt/rammetilskot

5,7 mill kr meirinntekter renteutgifter/-inntekter

9,8 mill kr meirinntekt lokale inntekter

3,3 mill kr innsparing på pensjonar/premieavvik

12,8 mill kr innsparing på sektornivå

Fylkesskatt og rammetilskot viser eit positivt avvik i høve justert budsjett på 0,5 prosent, tislvarande 7,2 millionar kroner. Det positive avviket har samanhang med betre skatteinngang på nasjonalt nivå enn prognosane tilsa.

Renteutgifter og –inntekter:

Lågare renteutgifter 3,8 mill kr

Auka renteinntekter 0,5 mill kr

Auka rentekompensasjon 1,3 mill kr

Rentenivået i året har vore vesentleg lågare enn budsjettert. Endringane i rentenivået har isolert sett hatt om lag same utslag på fylkeskommunen sine renteinntekter og renteutgifter. Grunn til at vi likevel får eit positivt avvik på budsjetterte renteinntekter har samanhang med ein høgare gjennomsnittslikviditet enn det som vart lagt til grunn i budsjettprognosane.

Lokale inntekter

Fylkeskommunen fekk 83,7 millionar kroner i inntekter for sal av konsesjonskraft. Dette er 10,2 millionar kroner meir enn budsjettert. Marknadsprisen for finansielle kraftkontraktar har auka samstundes som innmatingskostnadar og driftskostnadar vart lågare enn pårekna.

Pensjonar og premieavvik viser ei innsparing på 3,3 millionar kroner etter at det er inntektsført 11,3 millionar kroner i premieavvik til 2010.

Sektorane

På sektornivå viser rekneskapen ei netto innsparing på 12,8 millionar kroner. Dei største innsparingane er:

Opplæring - 7,1 mill kr

Samferdsle - 4,7 mill kr

Andre - 1,0 mill kr

Dei vesentlege innsparingane innan opplæring kjem på anslagspostar som omstillingstiltak (1,6 millionar kroner), kjøp av elevplassar i andre fylke (2,3 millionar kroner), tilskot til lærlingar (2,3 millionar kroner) og vaksenopplæring (1,6 millionar kroner). Største meirforbruket gjeld drift og vedlikehald av skulebygg (1,6 millionar kroner).

Innsparingane innan samferdsle er mindreforbruk på vedlikehald av fylkesvegar (1,5 millionar kroner), trafikktryggingstiltak (0,6 millionar kroner), og lokale ruter (2,6 millionar kroner). For fylkesvegane må dette sjåast i samanhang med overforbruket i 2008 (2,8 millionar kroner). Avviket på lokale ruter kjem også av ei korrigering mot 2008 og forseinka oppstart på nokre av dei vedtekne tiltaka.

For meir informasjon kontakt:

Økonomisjef Eli Nes Killingrød tlf. 917 10 788

Fylkesrådmann Jan Øhlckers tlf. 415 30 963

 

Del dette:

Relaterte lenker