Over 1,3 mill til folkehelsetiltak er fordelt

Fylkeskommunen har fordelt tilskotsmidlar til gode førebyggande tiltak på områda fysisk aktivitet, ernæring og tobakk til frivillige lag og organisasjonar og offentlege instansar.

Fylkeskommunen har fordelt to tilskotsordningar på livsstilsområda fysisk aktivitet, ernæring og tobakk. Ei ordning er retta inn mot tiltak som skjer i regi av frivillige lag og organisasjonar, gjerne i samarbeid med offentlege instansar. Plan og samfunnsavdelinga her fordelt litt over 1 mill til søkjarar frå heile fylket i denne ordninga.

Den andre ordninga rettar seg mot kommunar som vil etablere frisklivstilbod som er tilrettelagde for ulike pasientgrupper. Tilbodet skal forankrast i helsetenesta og rettast inn mot dei som treng det mest, inkludere minoritetsgrupper og bidra til å jamne ut sosiale helseskilnader. Innanfor denne ordninga har Hovudutval for plan og næring i sak 46/10 den 16. juni fordelt 170.000 kr til Gaular og 120.000 kr til Hyllestad. Søknader frå ytterlegare tre kommunar vil bli politisk handsama i HPN 18. august.

Liste over tildelte midlar PDF document ODT document

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette