Organisering av sentraladministrasjonen i samband med forvaltningsreforma

Gjennom forvaltningsreforma har fylkeskommunen fått ei rekkje nye oppgåver frå 1. januar 2010. Den administrative organiseringa er gjennomgått og tilpassa fylkeskommunen sine nye ansvarsområde. Det er med verkand frå 7. desember 2009 oppretta tre nye avdelingar i sentraladministrasjonen.

Samferdsleavdelinga

Velaug Veum er tilsett som fylkesdirektør i avdelinga.

Næringsavdelinga

Endre Høgalmen er konstituert som fylkesdirektør i avdelinga

Plan og samfunnsavdelinga

Trond Sundby er konstituert som fylkesdirektør i avdelinga.

Det er ingen endringar i høve organiseringa av opplæringsavdelinga og kulturavdelinga.

Sentraladministrasjonen vil såleis med verknad frå 7. desember 2009 ha 5 avdelingar.

Regionalavdelinga er frå 7. desember 2009 lagt ned.

Del dette:

Relaterte lenker