Foto frå eit stemmelokale, der vi ser den kvite og oransje stemmeurna med riksvåpenet i forkant. I bakgrunnen av biletet ser vi valavlukke med stemmesetlar. Foto: Kommunal og moderniseringsdepartementet
Foto frå eit stemmelokale, der vi ser den kvite og oransje stemmeurna med riksvåpenet i forkant. I bakgrunnen av biletet ser vi valavlukke med stemmesetlar. Foto: Kommunal og moderniseringsdepartementet

Foto: Kommunal og moderniseringsdepartementet

Oppsummering fylkestingsvalet

Kva kommunar er representerte i fylkestinget? Kor mange personstemmer fekk dei som stilte til val? Korleis er kjønnsfordelinga i det nye fylkestinget? Svara på desse spørsmåla – og fleire – får du her.

Eit svært positivt trekk ved fylkestingsvalet i Sogn og Fjordane, er at vi hadde den høgste valdeltakinga av alle fylka, med 60,5 prosent. På andreplass følgjer Hordaland med 57,9 prosent, og Akershus ligg på tredje med 56,7 prosent.

Samansetjing av fylkestinget

Representantar og vara

Fylkestinget i Sogn og Fjordane vart etter dette valet endra frå 39 til 31 representar. Det nye fylkestinget, som vert konstituert 20. oktober, er sett saman av åtte parti. Det er

  • Senterpartiet (10 representantar)
  • Arbeiarpartiet (9 representantar)
  • Høgre (4 representantar)
  • Kristeleg Folkeparti (2 representantar)
  • Venstre (2 representantar)
  • Framstegspartiet (2 representantar)
  • Sosialistisk Venstreparti (1 representant)
  • Miljøpartiet Dei Grøne (1 representant)

Fullstendig oversikt over fylkestingsmedlemer og vara i perioden 2015–2019.

Fylkestinget vel medlemer til fylkesutvalet og dei tre hovudutvala under det konstituerande fylkestinget 20. oktober.

Kjønnsfordeling

I det nye fylkestinget sit det no 13 kvinner og 18 menn. Det gir ein kvinnedel på 42 prosent. I perioden 2011–2015 sit det 18 kvinner i fylkestinget (av 39 representantar), noko som utgjer 46 prosent.

Ordførarar på tinget

Fire ordførarar i fylket er valde inn i fylkestinget. Dette er Gunn Åmdal Mongstad (Sp) i Solund, Noralv Distad (H) i Aurland, Alfred Bjørlo (V) på Eid og Gunhild Berge Stang (V) i Fjaler. Begge Venstre-representantane i fylkestinget er dermed ordførarar i kvar sin kommune.

Kommunefordeling

Flora er kommunen i fylket med klart flest representantar i fylkestinget. Kystkommunen har fått inn til saman fem representantar, to frå Arbeidarpartiet, ein frå Høgre, ein frå FrP og ein frå Miljøpartiet De Grønne. På delt andreplass i kommuneoversikta – med to representantar kvar – er Eid, Førde, Gaular, Gloppen, Selje, Sogndal, Stryn og Årdal.

Askvoll, Bremanger, Hornindal, Hyllestad, Leikanger, Lærdal og Vik har ingen representantar i fylkestinget i den komande fireårsperioden.

Oversikt over kven som har kome inn frå dei ulike kommunane.

Personstemmer

Veljarane kan påverke kva kandidatar som kjem inn i fylkestinget ved å gi personstemmer til kandidatane på lista til det partiet dei stemmer på. Slik kan veljarane påverke rekkefølgja på vallistene som partia sjølve har nominert.

Fullstendig oversikt over personstemmene ved fylkestingsvalet i 2015.

Godkjende stemmer per parti

Det vart totalt godkjent 49 906 stemmer til fylkestingsvalet, fordelt på elleve parti. Her ser du kor mange stemmer kvart parti fekk:

Parti Tal stemmer
Senterpartiet 16589
Arbeidarpartiet 13704
Høgre 6398
Kristeleg Folkeparti 3183
Venstre 3092
Framstegspartiet 2410
Sosialistisk Venstreparti 1674
Miljøpartiet Dei Grøne 1609
Raudt 644
Partiet De Kristne 454
Kystpartiet 149
Totalt 49 906

Møtebok fylkesvalstyret

Fylkesvalstyret hadde møte fredag 18. september og godkjende då møteboka med valoppgjeret for fylkestingsvalet i Sogn og Fjordane 2015.

Her kan du laste ned og lese heile møteboka.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontaktinfo

Jenny Følling
fylkesordførar
jenny.folling@sfj.no
479 05 990

Åshild Kjelsnes
fylkesvaraordførar
ashild.kjelsnes@sfj.no
918 88 568