Oppreisingsutvalet handsama sju saker

Fire søkjarar fekk oppreising på inntil 750 000 kroner då oppreisingsutvalet hadde møte 10. desember. Sekretariatet minner om at fristen for å søkje om oppreising er 1. januar 2013.

Den samla utbetalinga etter møtet 10. desember er på 1 750 000 kroner. Dei innvilga søknadane gjeld kommunar i både Sogn, Sunnfjord og Nordfjord og omfattar plasseringar i fosterheim, på barneheim og på institusjon.

Overgrep og omsorgssvikt

To søkjarar fekk innvilga 725 000 kroner som oppreising for fysiske, psykiske og seksuelle overgrep. Ei av desse sakene er omgjering av eit tilegare vedtak frå 500 000 til 725 000 kroner. Ein annan søkjar får 500 000 i oppreising for fysiske og psykiske overgrep, og ein tredje får 300 000 kroner for omsorgssvikt.

To av dei tre søknadane utvalet fekk på bordet, vart ikkje handsama då dei ikkje stettar krava om å vere plasserte av kommunar som deltek i ordninga. Den siste søknaden vart ikkje innvilga då det ikkje var tilstrekkeleg sannsynleggjort at søkjaren hadde vore utsett for omsorgssvikt eller overgrep.

Søknadsfrist 1. januar 2013

Oppreisingsordninga er eit samarbeid mellom fylkeskommunen og kommunane i Sogn og Fjordane. Dei ønskjer med dette å gi både ei oppreising og ei orsaking utan atterhald til personar har vore utsette for omsorgssvikt og/eller overgrep medan dei var under offentleg omsorg.

Sekretariatet for ordninga opplyser at åtte nye saker vert lagt fram for oppreisingsutvalet 6. mars 2013. Karen Steingildra i sekretariatet minner om at alle søknadar som kjem inn innan 1. januar 2013, vert handsama. Steingildra oppmodar moglege søkjarar om å ta kontakt for å få informasjon, rettleiing og konkret hjelp til utforming av ein søknad.

For meir informasjon

Karen Steingildra
konsulent i oppreisingsordninga
481 77 249 / 57 65 61 45
karen.kristine.steingildra@sfj.no

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut