Oppreisingsutvalet fordelte 3,9 millionar kroner

I sitt andre møte tilkjente oppreisingsutvalet for den felleskommunale oppreisingsordninga i Sogn og Fjordane seks søkjarar til saman 3 900 000 kroner.

Oppreisingsutvalet handsama til saman ni søknadar i møtet 22. juni. Fire av søkjarane får ei oppreising på 725 000 kroner kvar, to får 500 000 kroner, og dei tre siste vart ikkje tilkjent oppreising. Søkarane som får oppreising, høyrer til i kommunane Førde, Høyanger, Vågsøy og Årdal.

Neste møte i oppreisingsutvalet vert 21. september.

Orsaking utan atterhald

Den felleskommunale oppreisingsordninga er oppretta for at kommunane i Sogn og Fjordane vil gje ei oppreising til personar som vart utsette for overgrep eller omsorgssvikt i institusjon, fosterheim eller anna kommunal plassering før 1. januar 1993. Alle kommunane i fylket er med i ordninga, som vert administrert av fylkeskommunen.

Kommunane ønskjer å ta eit moralsk ansvar for det desse personane er utsette for, og gje dei ei oppreising og ei orsaking utan atterhald. Det kan søkjast om oppreising heilt fram til 1. januar 2013.

Del dette:

Relaterte lenker