Oppreisingsutvalet fordelte 1,8 millionar kroner

Fire nye søkjarar har fått innvilga søknadane sine om oppreising gjennom den felleskommunale oppreisingsordninga. To søkjarar fekk 300 000 kroner kvar, ein fekk 500 000, og den siste fekk 725 000.

Oppreisingsutvalet hadde møte 23. november og handsama til saman fem søknadar. Ein av søkjarane fekk ikkje innvilga søknaden. Dei fire som får erstatning kjem frå kommunar i Sogn og Nordfjord.

Medrekna desse fire har no 22 personar fått oppreising for omsorgssvikt eller overgrep som skjedde medan dei var under offentleg omsorg. Oppreisingsutvalet har handsama til saman 26 søknadar.

Det har så langt kome inn få søknadar frå personar som har vore plasserte i fosterheimar. Dei fleste sakene har vore plasseringar i institusjon eller ein kombinasjon av fosterheim og institusjon.

– Vi ser at det i hovudsak har kome inn søknadar frå folk som har vore plasserte på institusjon. Vi meiner det er viktig å minne om at også tidlegare fosterbarn kan søkje oppreising dersom dei meiner seg utsette for omsorgssvikt og/eller overgrep, seier leiar for oppreisingsutvalet, Arvid Mellingen.

For meir informasjon, ta kontakt med

Karen Steingildra
konsulent i oppreisingsordninga
telefon: 57 65 61 45
e-post: karen.kristine.steingildra@sfj.no

Arvid Mellingen
leiar for oppreisingsutvalet
e-post: arvid@advokat-tollefsen.no

Del dette:

Relaterte lenker