Oppreisingsordninga

Det har så langt kome inn 32 søknadar om oppreising til den felles oppreisingsordninga i Sogn og Fjordane. Ordninga er for personar som vart utsette for omsorgssvikt og/eller overgrep medan dei var under offentleg omsorg. Det er mogleg å søkje om oppreising fram til 1. januar 2013.

Til no er 27 av dei 32 søknadane handsama av oppreisingsutvalet. 22 av søkjarane har fått oppreising – elleve har fått 725 000 kroner, ni har fått 500 000 kroner og to har fått 300 000 kroner. Det neste møte i oppreisingsutvalet er i februar.

Gjeld også tidlegare fosterbarn

Dei fleste søknadane som er komne inn, gjeld personar som var plasserte på barneheim eller institusjon. Leiar for oppreisingsutvalet, Arvid Mellingen, minner om at også tidlegare fosterbarn kan søkje oppreising dersom dei meiner seg utsette for omsorgssvikt og/eller overgrep

Ordninga gjeld alle som var under offentleg omsorg fram til 1. januar 1993 – uansett kvar dei var plasserte. Fylkeskommunen og alle kommunane i fylket vil med dette gje ei oppreising og ei orsaking utan atterhald for den uretten dei vart utsette for.

Meir informasjon og søknadsskjema

For meir informasjon, ta kontakt med

Karen Steingildra
konsulent i oppreisingsordninga
telefon: 57 65 61 45
e-post: karen.kristine.steingildra@sfj.no

Del dette:

Relaterte lenker