Oppreisingsordninga – ein dugnad for å rette opp tidlegare urett

– Oppreisingsordninga for personar som vart utsette for omsorgssvikt og overgrep medan dei var under offentleg omsorg, er ein dugnad der fylkeskommunen og kommunane no tek ansvar for den uretten desse menneska vart utsette for, seier fylkesordførar Nils R. Sandal. Ordninga tredde i kraft 1. januar 2011, og så langt har det kome inn ti søknader.

Fylkesordførar Nils R. Sandal orienterte om oppreisingsordninga under strategikonferansen til KS i Førde 2. februar og tok føre seg status så langt.

– Det har kome inn ti søknader til no, og utvalet som skal avgjere søknadane, tek stilling til dei første av desse i mars. Eg vil oppmode kommunane til rettleie personar som tek kontakt framover, og gje dei raske svar på førespurnader om utlevering av dokumentasjon som kan vere relevant for søknaden. Det er belastande å vere i ein slik søknadsprosess, og det er viktig at vi får avslutta denne så snart som mogleg, sa Sandal.

Alle kommunane er med

Oppreisingsordninga er eit samarbeid mellom fylkeskommunen og kommunane i fylket, og det er fylkeskommunen som driftar ordninga gjennom eit sekretariat. Alle kommunane er med, noko fylkesordføraren er godt nøgd med.

– Det er berre to fylke som har fått med alle kommunane, og vi er eitt av dei. Dette er veldig positivt. Vi tek med dette på oss eit moralsk ansvar for den urett som har skjedd, og vil gje dei som vart utsette for omsorgssvikt eller overgrep då dei var under offentleg omsorg, ei reservasjonslaus orsaking, sa Sandal.

Må nå ut til flest mogeleg

Fylkesordføraren la vekt på informasjonsspreiing som noko av det viktigaste i arbeidet med ordninga. Sekretariatet har så langt annonsert ordninga i alle avisene i Sogn og Fjordane, i landsdekkande aviser og på tekst-tv til TV 2. Det er også ei eiga informasjonsside om ordninga på heimesida til fylkeskommunen.

– Det er viktig at vi når ut med informasjon til flest mogeleg. Sekretariatet vil med jamne mellomrom annonsere ordninga i media, og vi vil også vurdere å annonsere ved sjømannskyrkjer og ambassadar rundt i verda – for å nå eventuelle utflyttarar, fortel fylkesordføraren.

Ordninga vart først annonsert tidleg i desember i fjor, og sekretariatet har planar om ein ny annonseringsrunde hausten 2011.

For meir informasjon, ta kontakt med:

Sekretariatet ved Merete Myklebust
E-post: oppreising@sfj.no
Telefon: 57 65 61 81

Del dette:

Relaterte lenker