To lærlingar på TIP-fag skrur på ei maskin. Foto: Magne Sellevold/Sogn og Fjordane fylkeskommune
To lærlingar på TIP-fag skrur på ei maskin. Foto: Magne Sellevold/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Foto: Magne Sellevold/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Opplæring i bedrift

1. mars var det 467 primærsøkjarar med ungdomsrett til opplæring i bedrift. 313 av desse har til no skaffa seg læreplass. I tillegg har 61 søkjarar med læreplass som lågare ønskje skaffa seg plass.

Framleis står om lag 140 kvalifiserte ungdomar utan læreplass. Dette er langt færre enn kva som var situasjonen i 2014, då det var over 200 på same tidspunkt.

Merksemda på  fag- og yrkesopplæringa og behovet for læreplassar har truleg bidrege til at fleire vert formidla til læreplass tidlegare. Dette viser at arbeids- og næringslivet i større grad kan sjå ut til å lukkast med å gi ungdom som ønskjer ei yrkesfagleg opplæring mulegheita til å fullføre ei utdanning som fagarbeidarar.

Det er flest utan læreplass i desse faga:

  • Bygg og anlegg
  • bil
  • elektro
  • sal
  • helsefag
  • industri
  • maritime fag

Fullstendig oversikt kan du sjå her.

Dei som står utan læreplass må vere aktive mot aktuelle bedrifter og opplæringskontor i tida framover. Fylkeskommunen arbeider for at alle som har læreplass som første ønskje skal få det sjølv om fleire har fått skuleplass.

Vurderer å setje i gang vg3

Den 19.august må søkjarane som framleis er interessert i læreplass, møte på den vidaregåande skulen dei gjekk på. Skulane vil rettleie og hjelpe desse vidare. Kvar enkelt vert oppmoda om å fylle ut eit elektronisk skjema som dei får på SMS, slik at vi best mogeleg kan følgje opp den enkelte.

Fylkeskommunen vurderer å setje i gang vg3 i skule i Sogn og Fjordane eller i samarbeid med andre fylkeskommunar. Eit slikt tilbod vil først bli starta opp i september/oktober.

Det vil også bli tilbod om læreplasskurs for dei som ikkje er kvalifisert (læreplasskurs).

Kontaktperson:

Bekka Skaasheim
Fylkesdirektør for opplæring
bekka.skaasheim@sfj.no
415 30 956

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Fylkesdirektør

Bekka Skaasheim, fylkesdirektør for opplæring, passbilete

Bekka Skaasheim

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00