Opna ny robotavdeling

– Produksjonen er unik i verdssamanheng, og spesielt utvikla for denne verksemda, seier fabrikksjef Knut Ove Rygg.

I samband med fylkesutvalet si samling i Hornindal måndag 18. august, var fylkesordførar Åshild Kjelsnes på plass på Ekornes-fabrikken på Grodås i Hornindal for å opne deira nye robotavdeling.
Ekornes-fabrikken har kjøpt inn fem robotar, som har i oppgåve å setje saman sofaskrog.
– Produksjonen er unik i verdssamanheng, og spesielt utvikla for denne verksemda, seier fabrikksjef Knut Ove Rygg.

– Ei viktig oppgåve

For fylkesordføraren var opninga ei viktig oppgåve. Ho assosierer Ekornes-produkta med høg kvalitet, og er glad for at Ekornes fortset å satse på produksjonen i Sogn og Fjordane.
– Frå eg var lita har eg hatt eit godt forhold til Ekornes-produkta. Då er det ekstra kjekt å komme hit og opne deira nye robotavdeling, seier ho.

Nyskaping

Ho fortel vidare at ho er nøgd med at fylket kan skilte med bedrifter som har heilt ny og unik teknologi.
– For meg står Ekornes for soliditet og nyskaping, sa Kjelsnes under markeringa.
Fylkesutvalet fekk òg omvising i fabrikken, som har i underkant av 100 tilsette.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut