Singerheimen i Olden
Singerheimen i Olden

Singerheimen vart bygd av den amerikanske stålarvingen og kunstnaren William Henry Singer Jr., som flytta inn i villaen i 1921.

Ope møte om Singerheimen

Det er stort engasjement rundt Singerheimen i Olden og framtida til eigedomen. No inviterer Sogn og Fjordane fylkeskommune til ope møte 15. oktober.

Sogn og Fjordane fylkeskommune varsla i vår oppstart av fredingssak for eigedomen for å bidra til å ta vare på dei kulturhistoriske verdiane i anlegget. Samstundes undersøkjer styret og stiftarane av Signerheimen ulike driftsmoglegheiter, mellom anna om anlegget kan drivast som ein del av Musea i Sogn og Fjordane. 

Involverer innbyggjarane

Singerheimen er eit anlegg med svært høge kulturhistoriske verdiar. Både fylkeskommunen og andre aktørar arbeider no med korleis vi kan drifte anlegget på best mogleg måte.

Det er i samband med dette at vi no inviterer til eit ope møte 15. oktober kl. 18.00–20.00. Møtet vert i storsalen på eldresenteret i Olden.

Møtet er kome i stand både for å informere om dei ulike prosessane som er sette i gang og for å få innspel frå innbyggjarane i Olden. Desse deltek for å informere om arbeidet med og engasjementet for Singerheimen:

  • Sogn og Fjordane fylkeskommune
  • Styret i Stiftinga Singerheimen
  • Musea i Sogn og Fjordane

Les meir om Singerheimen her.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00