Offisiell opning av nybygget ved Sogndal vidaregåande skule

Sogndal vidaregåande skule tok i bruk nybygget ved skulestart i august, men tysdag 8. november kl. 14.00 er det tid for offisiell opning. Rundt 80 gjester er inviterte til arrangementet med nøkkelseremoni, omvising og orientering om prosjektet.

– Vi ser no fram til å markere at skulen er ferdigstilt og teken i bruk. Vi har hatt ein god prosess med utviklingsplan, funksjonsprogram, prosjektkonkurranse og byggeprosess, seier bygge- og eigedomssjef i Sogn og Fjordane fylkeskommune, Jan Tore Rosenlund.

Viktig del av Fosshaugane Campus

Samla bruttoareal for byggetrinnet er litt over 14 000 m2, og prosjektet er basert på Arkitektkontoret A38 AS, Åsen & Øvrelid AS og YIT sitt framlegg til løysing i prosjektkonkurransen. Samla prosjektkostnad er nesten 360 mill kr, inkludert tribunedelen for fellesbruk med Sogndal Fotball.

Skulen er utforma som ein open skule som skal stå fram som eit dynamisk og spennande bygningskompleks. Han er passa inn i Fosshaugane Campus og tilfører dette området nye kvalitetar.

Rektor får nøkkelen

Under opninga tysdag vil Rosenlund orientere kort om prosjektet før han overleverer nøkkelen til fylkesordførar Åshild Kjelsnes, som igjen gjev den vidare til rektor Marta Sofie Vange.

Det vert omvising i nybygget før gjestene samlast til ein hyggeleg middag i den nye kantina.

Bilete frå nybygget ved skulestart i august.

For meir informasjon, ta kontakt med

Jan Tore Rosenlund
bygg- og eigedomssjef
e-post: jan.tore.rosenlund@sfj.no
telefon: 57 65 61 50
mobil: 916 74 735

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Bekka Skaasheim, fylkesdirektør for opplæring, passbilete

Bekka Skaasheim

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00