n 76jgjcmmb
n 76jgjcmmb

Offentleggjering i Fjord1-saka

Fjord1-prosessen er no inne i ein ny fase og det vil bli gjort ein ny gjennomgang av sentrale dokument i saka. Dette inneber at fylkeskommunen mellom anna vil vurdere om det kan offentleggjerast og publiserast dokument frå slutthandsaminga i 2015.

Fylkestinget vedtok 26.08.16 å selje seg ned i Fjord1 AS. Vedtaket var samrøystes.

I etterkant starta ein ny debatt om handteringa av Fjord1-dokument som tidlegare har vore skjerma for innsyn.   

Fylkesutvalet (FU) bad 27. november 2015 fylkesrådmannen gå gjennom sentrale dokument knytt til Fjord1-salet (Torghatten) med sikte på å kunne offentleggjere mest mogleg. Vedtaket om å selje til Torghatten fekk si endelege avgjerd først i august 2016 ved at Konkurransetilsynet la ned forbod og at tilsynet sitt vedtak ikkje vart påklaga.

FU-vedtaket av 27. november 2015 har vore følgd opp ved at vi i to omgangar, først ved årsskiftet 2015/16 og så i august 2016, offentleggjorde og publiserte heilt eller delvis avskjerma dokument. Nokre få av desse var sterkt avskjerma. Desse vart likevel publiserte etter ønskje frå media, sjølv om dei berre viste avsendar, mottakar og overskrifter.

Når Fjord1-dokument har vore skjerma for innsyn, er det fordi dei inneheld konkurransesensitiv informasjon, fordi vi har hatt konfidensialitetsplikter overfor t.d. bodgjevarar og fordi innhaldet ikkje bør vere offentleg ut frå strategiske eigaromsyn. Ev. unntak frå offentlegheit må ha lovheimel og er til for å sikre fylkeskommunen og andre sine verdiar. Om opplysningar kan vere offentlege eller ikkje endrar seg også over tid, og vi er no inne i ein ny fase.

Etter at den vedtekne transaksjonen med Torghatten vart stogga og fylkestinget valde å selje til Havilafjord AS, er tida altså inne for å gjere ein ny dokumentgjennomgang. 

I dette arbeidet ønskjer vi å kunne offentleggjere meir, og også sjå på fleire dokument. Som ledd i dette har vi innleia eit samarbeid med Torghatten med sikte på å kunne offentleggjere så mykje som mogleg av dokumenta frå den politiske slutthandsaminga i 2015. Her vil det og vere aktuelt å få vurdert nokre dokument som seinare vart lagt fram for Konkurransetilsynet.

Når det gjeld fortrulege dokument som er skjerma for innsyn, er teieplikta normalt til for å ivareta selskapa sine legitime interesser, ikkje fylkeskommunen sine. Difor må vi i slike tilfelle få aksept/samtykke for den offentleggjering vi legg opp til.

Vi vil starte dette arbeidet over i veke 37 og det bør ikkje ta veldig lang tid. Noko «sluttdato» er det likevel ikkje mogleg å gje. Arbeidspresset på involverte personar er no stort, og det må vi ta omsyn til.  

Fylkesrådmannen tek sikte på å informere fylkesutvalet 28. september 2016 om kva som så langt er gjort og kva vi ev. må arbeide vidare med.

Kontaktperson

Tore Eriksen
fylkesrådmann
tore.eriksen@sfj.no
415 30 932

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut