OECD til vestlandet

22. og 23 april 2010 skal fagfolk, ekspertar og politikarar på Vestlandet møte utsende frå OECD i samband med at det skal gjennomførast ein analyse av Vestlandet og Kyst-Noreg sitt tilhøve til Island, Færøyane og Grønland.

Det er Nordisk Atlandsamarbeid (NORA) – eit samarbeidsråd i regi av Nordisk Ministermøte der Kyst-Noreg, Grønland, Island og Færøyane deltek – som har engasjert OECD til å gjennomføre ein slik analyse.

Målsettinga med analysen er å vurdere grunnlaget for om Island, Grønland, Færøyane og Kyst-Noreg – NORA-landa – kan framstå som ein økonomisk-politisk region og korleis skape betre vilkår for ei ytterlegare styrking av det innbyrdes samarbeidet. Analysen vil vere ferdig i slutten av 2010 og vil kunne fungere som eit referanseverk med utgangspunkt i politisk – økonomisk regionanalyse. Inkludert her finn vi samferdsle, fiskeri og maritim sektor, reiseliv, klimaendringar og miljø, innovasjon og humankapital som grunnlag for økonomisk vekst. Samstundes tenkjer ein seg at analysen skal medverke til å tydeleggjere regionen sine særlege muligheiter og kompetanse for omverda.

Den endelege rapporten vil innehalde framlegg om politiske tiltak som kan styrke regional utvikling i NORA-regionen.

Arbeidet med analysen er ferdig i Grønland, Island og Færøyane. No er det Noreg som står for tur, og delegasjonen, som i tillegg til representantar frå OECD òg vil ha med representantar frå Canada og Skottland, vil kome til Bergen 22 og 23 april.

Delegasjonen vil vere i Oslo 19 april før dei reiser til Tromsø og deretter Bergen. Møtet i Bergen vil bli organisert som ”rundebordssamtalar” om utvalde tema og vil gå føre seg på engelsk.

Vestlandsrådet er medlem i NORA og vil fungere som vertskap for OECD-delegasjonen.

Kontaktperson: sekretariatsleiar Trond Ueland, tlf 91 33 74 10, trond.ueland@sfj.no

Del dette:

Relaterte lenker