jcfdhmeej 5
jcfdhmeej 5

Foto: Sogn og Fjordane fylkeskommune

Nyttig temadag om fag- og yrkesopplæring

Gode læringsmiljø stod på dagsorden då fylkespolitikarar, skuleleiarar, tillitsvalde, elevar og lærlingar møttest til temadag for fag- og yrkesopplæring på Flora vgs sist veke.

Temadagen er ei felles samling for hovudutvala for opplæring og næring og kultur, fagopplæringsnemnda og rektorane ved dei vidaregåande skulane. Fylkesdirektør for opplæring Bekka Skaasheim og komande fylkesdirektør i Vestland Bjørn Lyngedal deltok også, saman med mellom andre fylkeshovudtillitsvalde og elev- og lærlingrepresentantar.

Til saman rundt femti personar var med på temadagen, som vart arrangert for fjerde gong onsdag 27. februar.

Gull verdt å møtast på tvers

– Denne måten å arbeide på, der vi møtest på tvers av politikk, administrasjon, opplæringskontor, rektorarar, tillitsvalde, elevar og lærlingar har vi stor tru på, sa leiar i hovudutval for opplæring, Karianne Torvanger etter temadagen:

– Det å kunne diskutere ulike utfordringar på tvers er gull verdt når målet vårt er at elevane og lærlingane våre skal ha den kvalitativt beste opplæringa.

Gode læringsmiljø i fokus

Utgangspunktet for temadagen var at psykisk helse og skuletrivsel  er avgjerande for at ungdom fullfører vidaregåande opplæring. Elevar og lærlingar får kunnskap, haldningar og lyst til å møte livet fagleg, sosialt og personleg ved å utvikle seg i gode læringsmiljø.

Ein viktig del av temadagen var at deltakarane arbeidde saman i grupper på tvers av roller og funksjonar om kva som kan gjerast for å skape eit godt læringsmiljø for elevar og lærlingar innan helse, trivsel og læring.

Kenth Rune Teigen Måren og Gro Hovland frå fylkeskommunen, som innleia om temaet for gruppearbeidet, meiner det her kom fram mange gode tiltak som blir tekne med vidare i det politiske arbeidet og på skulane.


Frå arbeid mot mobbing til bedriftsutplassering

I tillegg til gruppearbeidet fekk deltakarane faglege innlegg om arbeid med læring og trivsel i fylket. Elev- og lærlingombod Venke Nordeide og mobbeombod Aina Drage fortalde om arbeidet med å hjelpe barn og unge som er utsett for mobbing og korleis mobbing kan førebyggast med tidleg innsats.

Roald Stadnes frå opplæringskontora sitt samarbeidsutval i Sogn og Fjordane saman med rektor Ove Bjørlo og elev Erik Andre Røysen ved Eid vidaregåande skule snakka om erfaringar med bedriftsutplassering på vg1 og vg2.

Dei tre understreka viktigheita av at elevane får vere ute i praksis og få kjennskap til yrket dei utdannar seg til, og fortalde om gode erfaringar med samarbeid med bedrifter i lokalt næringsliv.

Frå mål til handling

Temadagen er eit ledd i oppfølginga av mål- og strategidokumentet for vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane 2018–2021, «Mot nye høgder», der hovudmålet er at elevar og lærlingar i Sogn og Fjordane skal ha den kvalitativt beste opplæringa. Dokumentet vidarefører kvalitetsmåla trivsel, meistring og gjennomføring, med særskilde strategiar for leiing, opplæring og fag- og yrkesopplæring.

– Sogn og Fjordane fylkeskommune har hausta gode erfaringar med å arbeide systematisk og målretta frå mål og strategiar til handling, seier assisterande fylkesdirektør for opplæring, Tor-Einar Holvik Skinlo.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Fylkesdirektør

Bekka Skaasheim, fylkesdirektør for opplæring, passbilete

Bekka Skaasheim

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00