Medlemane i ungdomspolitisk utval 2017/2018, frå venstre Njål Eliasson, Tomas Haugnes, Ole Martini, Tora Ørnes Tvedt og Kamilla Rivedal.
Medlemane i ungdomspolitisk utval 2017/2018, frå venstre Njål Eliasson, Tomas Haugnes, Ole Martini, Tora Ørnes Tvedt og Kamilla Rivedal.

Medlemane i ungdomspolitisk utval 2017/2018, frå venstre Njål Eliasson, Tomas Haugnes, Ole Martini, Tora Ørnes Tvedt og Kamilla Rivedal.

Nytt ungdomspolitisk utval

Fylkesting for ungdom 2017 har valt nytt ungdomspolitisk utval for 2017/2018.

Ungdommar frå heile fylket har vore samla på Skei denne helga for å delta på fylkesting for ungdom, ungdommen i Sogn og Fjordane sitt øvste talerøyr. Ungdom frå ungdomsråd og kommunar i fylket, fylkesdekkande ungdomsorganisasjonar og polistiske ungdomsparti deltok på tinget. Fylkesting for ungdom har mellom anna valt nytt ungdomspolitisk utval, som skal arbeide på vegne av FFU fram til neste tingsete.

Ungdomspolitisk utval 2017/2018

Leiar: Ole Martini, 17, Eid

Nestleiar: Njål Hopen Eliasson, 17, Flora

Medlem: Kamilla Fauske Rivedal, 16, Askvoll

Medlem: Tomas Haugnes, 16, Flora

Medlem: Tora Ørnes Tvedt, 14, Sogndal

Ny leiar

Ole Martini, ny leiar i ungdomspolitisk utval, ser fram til å ta fatt på oppgåva.

– Eg er enormt takknemleg for å ha fått denne tilliten av fylkesting for ungdom. Eg ser fram til å ta tak i alle sakene som vart vedtatt saman med resten i utvalet, seier han.

Fråsegner

Fylkesting for ungdom har vedteke fleire fråsegner denne helga, mellom anna for ei utviding av aldersgrensa til ungdomskortet, mot kutt av klassetilbod ved Eid vidaregåande skule, og for ei større satsing på entreprenørskap. Referatet frå fylkesting for ungdom 2017 vert lagt ut på fylkeskommunen sine nettsider så snart det er klart.

Om ungdomspolitisk utval

Ungdomspolitisk utval (UPU) er arbeidsutvalet til fylkesting for ungdom i Sogn og Fjordane (FFU). UPU følgjer opp vedtak gjort av fylkesting for ungdom og rapporterer til FFU om måten dei har følgt opp vedtaka sidan førre fylkesting for ungdom. UPU skal fungere som referansegruppe i arbeidet med fylkeskommunale planar og saker som gjeld barn og ungdom. UPU står for planlegging og gjennomføring av ei årleg nettverkssamling for ungdomsråda i kommunane og det årlege fylkestinget for ungdom.

Fylkesting for ungdom

Meir informasjon

Ole Martini
leiar, ungdomspolitisk utval
413 93 028
ole.ansger.nepomuk.martini@gmail.com

Guro Høyvik
rådgjevar
nærings- og kulturavdelinga, Sogn og Fjordane fylkeskommune
guro.hoyvik@sfj.no
415 30 608

 

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontaktinfo

Jenny Følling
fylkesordførar
jenny.folling@sfj.no
479 05 990

Åshild Kjelsnes
fylkesvaraordførar
ashild.kjelsnes@sfj.no
918 88 568