Tre kvinner står foran ei strand og eit hav med blå himmel og kvite skyar.
Tre kvinner står foran ei strand og eit hav med blå himmel og kvite skyar.

Fylkesordførar i Rogaland, Solveig Ege Tengesdal, fylkesordførar i Sogn og Fjordane, Jenny Følling og fylkesordførar i Hordaland, Anne Gine Hestetun. Foto: Ingvild Ramstad/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Nytt namn og kjennemerke

Hordaland, Rogaland og Sogn og Fjordane er framleis i forhandlingar om ein ny Vestlandsregion. Forhandlingsutvala er einige om at namnet på ein eventuell ny folkevalt region bør bli Vestlandsregionen, og at det må lagast eit nytt regionmerke med historiske røter.

 – Forhandlingane held fram i det gode sporet som vart etablert i første møtet mellom forhandlingsutvala. Diskusjonane rundt dei ulike tema er gode og konstruktive. Det som står svært sentralt i diskusjonane er nye og fleire oppgåver til eit regionalt folkevalt nivå, seier dei tre fylkesordførarane Anne Gine Hestetun, Solveig Ege Tengesdal og Jenny Følling.

Forhandlingsutvala diskuterte også politisk styreform, inndeling i valkretsar og representasjon i eit regionsting i det andre forhandlingsmøtet. Dei tre utvala ønskjer å behalde noverande formannskapsmodell som styringsform, men forhandlingane på dei enkelte temaa er enno ikkje ferdige. I tillegg er diskusjonen knytt til oppgåvefordeling og plassering av politisk og administrativ leiing starta. Forhandlingane knytt til disse spørsmåla held fram i neste forhandlingsmøte.

– Vi er i gang med diskusjonar knytt til korleis ein eventuell folkevalt framtidig region skal organiserast, både politisk og administrativt. Det er omfattande og viktige diskusjonar, og vi er opptekne av å forhandle fram ei løysing som tek vare på utviklinga av heile Vestlandet.

Onsdag 7. september skal representantar frå dei tre fylka møte kommunalminister Jan Tore Sanner og tema er regionreforma.

– Det er viktig for oss å få avklart viktige og sentrale spørsmål, mellom anna om kva oppgåver som kan bli lagt til nye folkevalte regionar, seier dei tre fylkesordførarane.

Forhandlingane mellom dei tre fylka skal leie fram til ein felles intensjonsplan. Denne vil danne grunnlaget for etablering av ein ny Vestlandsregion beståande av fylka Hordaland, Rogaland og Sogn og Fjordane. Intensjonsplanen vert lagt fram til politisk handsaming i dei tre fylkestinga i oktober. I desember skal dei tre fylkestinga ta stilling til og handsame etablering av ein eventuell ny region.

Forhandlingane vert avslutta i Førde 14. og 15. september med mål om å bli einige om ein endeleg intensjonsplan.

Kontaktpersoner

Jenny Følling, fylkesordfører Sogn og Fjordane, 479 05 990
Anne Gine Hestetun, fylkesordfører Hordaland, 995 64 643
Solveig Ege Tengesdal, fylkesordfører Rogaland, 907 22 027
 

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontaktinfo

Jenny Følling
fylkesordførar
jenny.folling@sfj.no
479 05 990

Åshild Kjelsnes
fylkesvaraordførar
ashild.kjelsnes@sfj.no
918 88 568

Kristin Rundsveen
rådgjevar for fylkesordføraren
kristin.rundsveen@sfj.no
908 90 713