Annonse for etablerarkurs

Nytt etablerarkurs frå 1.juni

Kurset, som gir ei praktisk tilnærming til det å starte eiga verksemd, går over tre samlingar og er gratis.

Det nye etablerarkurset er utarbeidd av fylkeskommunen og Innovasjon Noreg i samarbeid med kommunar, næringsselskap og Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane. Målgruppa er dei som ønskjer å starte eller vidareutvikle eiga verksemd. Første kurs går av stabelen 1.juni i Førde. Ikkje fortvil om dette ikkje passar, for det kjem fleire kurs. Det same kurset vert halde i Nordfjord over sommaren, i Sogn i haust og i HAFS på nyåret.

Klikk her for å sjå datoar for kursa og påmelding.

Etablerarkurset består av tre samlingar. Samling ein og to er kveldssamlingar, medan siste samling går frå fredag kveld til laurdag føremiddag. Ein ønskjer å unngå kollisjon med vanleg arbeidstid. Kurset er gratis, og inkluderer kost og losji i samband med siste samling.

Kurset gir ei praktisk tilnærming til det å starte eiga verksemd. Her får du hjelp til å utvikle ideen din og samtidig halde fokus på marknad og kundebehov. Deltakarane får tilbod om individuell oppfølging av ein erfaren kursleder. I tillegg vert det invitert inn andre ressurspersonar i kurssamanheng.

Klikk her for å lese meir om kurset og innhaldet på kvar samling.

For meir informasjon

Trond Bechmann
kursleder
trond.bechmann@len.no

Ingvild Andersen
rådgjevar
ingvild.andersen@sfj.no
57 63 80 39

Del dette:

Relaterte lenker