Nytt dialogmøte om Regional plan – fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv

Fylkeskommunen arbeider med å revidere «Regional plan – fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv 2014–2017». No inviterer vi alle med interesser i og for feltet til å kome med innspel i prosessen. Dialogmøtet vert på Skei måndag 3. desember kl. 18.00.

Tema for møtet er kva mål som skal med i planen, og kva målgrupper han skal gjelde for. Vi ønskjer også innspel på tema i og strategi for planen.

Dette er det andre dialogmøtet i denne prosessen. Rundt 40 personar deltok på det første møtet på Skei i august. Målet med desse møta er å involvere aktuelle aktørar i arbeidet med planen. Det vert lagt opp til gruppearbeid undervegs i møtet 3. desember.

Vi vil ha innspel frå flest mogleg, og målgrupper for møtet er:

  • Friviljuge lag og organisasjonar innan feltet
  • Kommunar
  • Politikarar
  • Eldrerådet
  • Rådet for funksjonshemma
  • Anleggseigarar
  • NHO reiseliv
  • Fylkesmannen
  • Høgskulen
  • Kommersielle aktørarar som t.d. treningssenter
  • Enkeltpersonar/ressurspersonar som har interesse for feltet

Fylkesutvalet vedtok planprogrammet for planen 26. september i år, og fylkestinget skal vedta sjølve planen i oktober 2013.

Det vert nytt dialogmøte i mars 2013. Tema for det møtet vert tiltaksdel/handlingsprogram. Fristen for innspel på handlingsprogrammet er føreslått til 10. april 2013.

Påmelding

For påmelding og meir informasjon om møtet, ta kontakt med rådgjevar Atle Skrede på tlf. 415 30 716 eller e-post atle.skrede@sfj.no. Påmelding innan 30. november.

 

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette