Nytilsett fylkesdirektør for næring

Jan Heggheim (47) er tilsett som fylkesdirektør for næring. Heggheim tek til i stillinga i Sogn og Fjordane fylkeskommune den 15. februar. Han har brei erfaring frå leiande stillingar i industrien og hotellbransjen. Han kjem frå stillinga som eksportsjef i Hagen AS, Stryn. Fram til 2008 var han markedssjef /direktør salg og marked Dooria.

Som fylkesdirektør for næring skal Heggheim samordne fylkeskommunen si satsing innan næringsutvikling. Dette omfattar eit breitt felt av arbeidsoppgåver, mellom anna innan energi/olje/gass, fiskeri, havbruk, reiseliv, landbruk, mineralressursar, entreprenørskap/fou.

Heggheim skal leie næringsavdelinga med 16 tilsette.

Eit fylke med stort potensiale

Heggheim seier at han ser på stillinga som eit godt utgangspunkt for å kunne medverke til utvikling av næringslivet i eit av dei mest utfordrande områda i landet, med tanke på busetting og næring. Sogn og Fjordane er eit rikt fylke med stort potensiale.

- Eg har stor respekt for oppgåva, og gleder meg til å begynne, seier Heggheim.

Jan Heggheim er fødd og oppvaksen i Jølster.

 

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Endre Høgalmen

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur
Endre.Hogalmen@sfj.no
952 07 789

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00