Foto: Ungt Entreprenørskap
Sogn og Fjordane fylkeskommune arbeider for å fremje næringsutvikling i regionen gjennom nyskaping og entreprenørskap.
Fylkeskommunen bidreg til nyskaping både som nettverksbyggar og gjennom tilskot til etablerarar. I tillegg påverkar vi innovasjonskulturen i fylket gjennom arbeidet med entreprenørskap i heile utdanningsløpet.
Fylkeskommunen gir økonomisk støtte til Ungt Entreprenørskap, som arbeider for entreprenørskap i opplæringa og samarbeid mellom skule og næringsliv. Vi er dermed med på å påverke innovasjonskulturen i Sogn og Fjordane, gjennom arbeidet med entreprenørskap i heile utdanningsløpet.