Interreg Europe logo med EU-flagg
Interreg Europe logo med EU-flagg

Nyskaping i distriktssamfunn

Sogn og Fjordane fylkeskommune fekk 5. oktober tilslag på ein søknad om midlar frå Interreg Europe til eit prosjekt for å styrke arbeidet med nyskaping i distriktssamfunn. Prosjektet har seks europeiske partnarar.

Prosjektet vil gå over fire og eit halvt år. Lars Hustveit i fylkeskommunen si Nærings- og kulturavdeling har leia arbeidet med å utvikle søknaden.    

Kunnskapsdeling

Prosjektet Policies to improve rural areas' innovation systems by professionalising networking activities and use of innovation tools handlar om kunnskapsdeling som grunnlag for innovasjon. Høgskular og universitet, bedrifter og det offentlege verkemiddelapparatet må arbeide godt saman.  Evna til slikt samarbeid vert stadig viktigare etter kvart som produksjon og produkt vert meir og meir kunnskapsintensive. 

–  Skal vi bygge eit kunnskapsbasert Sogn og Fjordane, må vi bli gode arenabyggarar, seier fylkesdirektør Jan Heggheim om kvifor prosjektet er utvikla.

Partnarane våre kjem frå Mellomste Østerbotten i Finland, Burgos i Spania, hjarta av Slovenia, Milano i Italia og Primorje Gorski Kotar frå Kroatia.

Gode bedriftsnettverk i fylket

Sogn og Fjordane har røynsler å bygge på.  Gode bedriftsnettverk eksisterer.  Vi har spennande utvikling på gang rundt næringshagane og inkubatorane våre. Maritim foreining gjer ein god jobb. Tech Yard i Førde er eit anna døme på god arenabygging.  Vi kan få impulsar til dette arbeidet gjennom å studere røynsler i andre utkantsamfunn. 

–  Ikkje minst må vi som arbeider med næringsnettverk i verkemiddelapparatet bli gode i vår rolle, seier Heggheim.

Det overordna målet til Interreg Europe er å betre gjennomføringa av regional utviklingspolitikk og program ved å fremje erfaringsutveksling og politikklæring.

Ekspertpanelet i Interreg programmet gav søknaden karakteren «god».  Totalbudsjettet i søknaden er 1.375.873 euro.  Vi må no inn i ein forhandlingsrunde før endeleg tilskot er avklara.  Fylkeskommunen reknar med at Sogn og Fjordane sin del av tilskotet vert nær 1,7 mill. kr.  Prosjektet varer i fire og ein halv år, men hovudtyngda av arbeidet går føre seg dei første to og ein halv åra. 

–  Som leiar av prosjektet vil vi få tilgang til den læringa som føregår i Interreg Europe og som handlar om nyskaping i næringslivet.  Impulsane vi får er langt viktigare enn dei pengane vi får tak i gjennom Interreg-programmet, seier Hustveit.

Interreg Europe si avgjerd i 2. søknadsrunde

Meir om prosjektet (engelsk)

For meir informasjon

Jan Heggheim
fylkesdirektør for næring og kultur
jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

Lars Hustveit
fagkoordinator
lars.hustveit@sfj.no
415 30 972

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Endre Høgalmen

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur
Endre.Hogalmen@sfj.no
952 07 789

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00