Nye rutinar - inntak til vgs 1. februar

Det er endringar i søknad til særskilte utdanningsprogram, og for søkjarar med sterkt nedsett funksjonsevne.

Opplæringsavdelinga i fylkeskommunen har laga nye skjema og viser til § 6–15 og § 6–17 i ny forskrift til Opplæringslova kap. 6: Inntak til vidaregåande opplæring (gjeldande frå 01.09.2013) for endringane.

Fortrinnsrett til eit særskilt utdanningsprogram jf. § 6–15 i forskrift til opplæringslova:

Kommunen må melde søkjaren til opplæringsavdelinga i fylkeskommunen som skal vurdere om eleven har rett til inntak etter denne paragrafen. Sakkunnig instans er PPT.

Elevar som søkjer om fortrinnsrett etter § 6–15 må ha:

  • rett til spesialundervisning etter § 5–1 i opplæringslova. Behovet for spesialundervisning må vere omfattande på grunn av vanskane som ligg til grunn for søknaden.
  • eit særleg behov for inntak til eit bestemt utdanningsprogram. Dette behovet må vere svært viktig for moglegheit for å fullføre vidaregåande opplæring med yrkes- eller studiekompetanse.

Motivasjon eller diagnosar aleine utløyser ikkje denne retten.

Kommunen må sende følgjande dokumentasjon til fylkeskommunen:

Det er skulen ved rektor som skal sende dokumentasjonen til opplæringsavdelinga i fylkeskommunen:0

  • Signert samtykke frå søkjaren.
  • Utfylt meldeskjema frå Sogn og Fjordane fylkeskommune (sjå lenke under).
  • Siste enkeltvedtak om spesialundervisning.
  • Sakkunnig vurdering frå PPT om retten til spesialundervisning etter § 5–1. Vurderinga skal vere av nyare dato, ikkje eldre enn tre år.

Fylkeskommunen ved Opplæringsavdelinga vil på bakgrunn av dette:

  • vurdere om eleven oppfyller dei to vilkåra i § 6–15.
  • Dersom eleven oppfyller vilkåra, vil Opplæringsavdelinga tilvise eleven vidare til den fylkeskommunale delen av PPT for ei sakkunnig vurdering etter § 6–16.
  • Dersom eleven ikkje oppfyller vilkåra, blir saka sendt attende til kommunen med skriftleg grunngjeving. Saka blir då ikkje tilvist vidare til PPT.

Meldeskjema til § 6–15 PDF document ODT document

Frist for melding: For skuleåret 2015/2016 er fristen 01.10.2014.

Fortrinnsrett for søkjarar med sterkt nedsett funksjonsevne jf. § 6–17 i forskrift til opplæringslova:

Kommunen må melde frå til Opplæringsavdelinga i fylkeskommunen om søkjarar til vidaregåande opplæring som har sterkt nedsett psykisk eller fysisk funksjonsevne, og som no går på 10. trinn.

Elevar som søkjer med fortrinnsrett etter § 6–17 må ha:

  • Vedtak om spesialundervisning
  • Sterkt nedsett funksjonsevne
  • Eit særleg behov for å bli tatt inn på ein skule som er særskilt tilrettelagt, grunna den nedsette funksjonsevna

Kommunen må sende følgjande dokumentasjon til fylkeskommunen:

Det er skulen ved rektor som skal sende dokumentasjonen til opplæringsavdelinga i fylkeskommunen.

  • Signert samtykke frå søkjaren
  • Utfylt meldeskjema frå Sogn og Fjordane fylkeskommune (sjå vedlegg under)
  • Siste enkeltvedtak om spesialundervisning
  • Sakkunnig vurdering frå PPT om retten til spesialundervisning etter § 5–1. Vurderinga skal vere av nyare dato, ikkje eldre enn tre år.

Meldeskjema til § 6–17 PDF document ODT document

Frist for melding: For skuleåret 2015/2016 er fristen 01.10.2014.

Dokumenta skal sendast til:

Sogn og Fjordane fylkeskommune
Opplæringsavdelinga
Team for inntak og formidling
Askedalen 2
6863 Leikanger

For spørsmål, kontakt:

Opplæringsavdelinga, team for inntak og formidling: 57 65 62 26/57 65 62 19

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Fylkesdirektør

Bekka Skaasheim, fylkesdirektør for opplæring, passbilete

Bekka Skaasheim

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00