Illustrasjon som syner fylkesvåpenet.

Illustrasjon som syner fylkesvåpenet.

Nye regionforhandlingar

Det vert forhandlingar om ein eventuell intensjonsplan for samanslåing av Hordaland og Sogn og Fjordane på Bjørnefjorden Gjestetun i Os 16. og 17. januar.

Då møtest forhandlingsutvala frå dei to fylkeskommunane for å diskutere ei eventuell samanslåing, etter at fylkestinget i Rogaland i desember gjorde vedtak om å stå utanfor Vestlandsregionen. Forhandlingsutvala er dei same som i forhandlingane mellom dei tre fylka i fjor haust. Frå Sogn og Fjordane møter

  • Jenny Følling, fylkesordførar
  • Åshild Kjelsnes, fylkesvaraordførar
  • Noralv Distad, gruppeleiar Høgre
  • Tore Eriksen, fylkesrådmann
  • Elin Johanne Schei Stuhaug, fylkeshovudstillitsvald

Fylkestinga i Hordaland og Sogn og Fjordane skal gjere vedtak om ei eventuell samanslåing først i februar. Fylkestinget i Sogn og Fjordane har møte 2. februar, medan fylkestinget i Hordaland kjem saman 3. februar.

Her finn du meir informasjon om prosessen med regionreforma i Sogn og Fjordane og på Vestlandet.

For meir informasjon

Jenny Følling
fylkesordførar
jenny.folling@sfj.no
479 05 990

Tore Eriksen
fylkesrådmann
tore.eriksen@sfj.no
415 30 932

Ole I. Gjerald
forhandlingssekretær
ole.inge.gjerald@sfj.no
408 57 025

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut