72tmqnx 6z 3
 72tmqnx 6z 3

Bualoftet på Ytre Heggheim i Guddalen i Fjaler. Foto: Stig Nordrumshaugen

Nye årringsdaterte bygg frå før 1650

Fylkeskommunen har teke årringsprøvar av to bygg i Guddalen i Fjaler i haust. Begge viser seg å vere frå før 1650, og Riksantikvaren vurderer no å frede bygga.

Fylkeskommunen kjem frå tid til anna over svært gamle bygningar i fylket, oftast i samband med råd og rettleiing for istandsetjing. I haust har fylkeskommunen vore med på fleire prosjekt i Guddalen, blant anna bualoftet på Ytre Heggheim og stallen på Gallefoss.

Kan bli freda

– Vi tok årringsprøvar av to bygningar, fordi vi mistenkte at dei kunne vere så gamle at dei vert automatisk freda. Då borer vi ut ei lita kjerneprøve med bast eller bark og får årstal for når tømmeret vart felt. I tilfella i Guddalen var tømmeret på det eine bygget, Bualoftet på Ytre Heggheim, truleg felt vinteren 1547–1548 og for det andre kring 1608, fortel restaureringsleiar i fylkeskommunen, Stig Nordrumshaugen.

Alle bygg frå før 1536 er automatisk freda, medan ståande bygg frå før 1650 kan verte freda ved vedtak frå Riksantikvaren. Begge bygga i Guddalen er no lagt inn i databasen til Riksantikvaren, som skal vurdere freding på nyåret.


Stallen på Gallefoss.

Kan få midlar til istandsetjing

Mange eigarar av gamle bygg er urolege for å få eit freda bygg på garden, då dei fryktar det kan føre til ein del utgifter.

– Freda bygg er meir positivt enn negativt, fordi eigarane kan søkje fylkeskommunen om midlar til istandsetjing. Det gjeld særleg bygg som ikkje har stor bruksverdi på garden lenger, bygg som eigarar ikkje prioriterer først når det gjeld vedlikehald og reparasjon. I begge tilfella i Guddalen har eigarane vore positive til å få datert bygga sine, sjølv om dei kan verte freda, seier Nordrumshaugen.

Begge bygningane er bygde med byggjeskikken maga tømmer (ovalforma tømmer), som var utbreidd heilt frå mellomalderen og fram på 1600-talet. Det er truleg mange slike bygg kring om i fylket som endå ikkje er «oppdaga» eller daterte. 


Vestveggen inne i stallen med maga og til dels profilert tømmer. Byggjeskikken er frå mellomalderen, men har helde seg til godt innpå 1600-talet.

For meir informasjon

Stig Nordrumshaugen
restaureringsleiar, Sogn og Fjordane fylkeskommune
stig.nordrumshaugen@sfj.no
995 67 194

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00