Ny teknologimesse ser dagens lys i Førde

Astrofysikar, bloggar og forfattar Eirik Newth snakkar om teknologi, framtid og samfunn på den første Teknomessa ved Hafstad vidaregåande skule nokon gong. 27. og 28. september vert skulebygget fylt av teknologi og gode føredrag.

Teknologi som vert brukt på fritida, i skulen og i arbeidslivet smeltar saman. Dei som vitjar Teknomessa 2013 vil difor kome til eit skulebygg fylt med spanande teknologi. Dei får høyre gode føredrag om teknologi og læring, om teknologi i framtida, og om nyskapande bruk av teknologi i handel og næring. Messa er open og gratis for alle.

Terje Torsheim og Tor Egil Fureviksstrand ved Hafstad vidaregåande skule er digitale innovatørar i fylkeskommunen. Dei står bak messa saman med Vibeke Rinde ved Årdal vidaregåande skule og Findriv AS i Førde.

Teknologi, framtid og utdanning

Eirik Newth held føredrag om teknologi, framtid og samfunn fredag 27. september. Han er utdanna astrofysikar og har sidan 1990 vore forfattar og formidlar av vitskap, teknologi og framtidstenking. Han er ein av dei mest siterte bloggarane i landet, fast spaltist i VG og Mandag Morgen og mykje brukt som kommentator i media.

June Breivik er også blant føredragshaldarane på den nye messa. Ho er utviklingssjef for e-læring ved Handelshøyskolen BI, og har i mange år jobba med korleis informasjons- og kommunikasjonsteknologi påverkar og endrar utdanning. Ho er medlem av eit utval som skal vurdere korleis vi skal møte den raske framveksten av høgare utdanningstilbod levert over internett.

Ivar Berg i Microsoft Norge held føredrag om kva ferdigheiter vi treng i det 21. hundreåret, og korleis utdanninga kan legge til rette for at elevene vert klare for samfunns- og arbeidslivet. I tillegg vil arrangørane sjølve halde foredrag.

Stands med nye, spanande produkt

It’s Learning er medarrangør av messa, og Sparebanken Sogn og Fjordane er ein av fleire lokale støttespelarar. Samsung, Asus og fleire andre verksemder har stadfesta at dei stiller med stands.

Det går i desse dagar ut invitasjon til verksemder med oppmoding om å delta med nye, spanande teknologiprodukt innanfor mobil, tv, data og andre produkt.

Meir informasjon på heimesida til Teknomessa 2013

For meir informasjon

Terje Torsheim
tlf.: 992 38 129
e-post: terje.torsheim@sfj.no

Tom Farsund
tlf. 901 18 254
e-post: tom@findriv.no

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut