Foto av to kvinner som haustar noko bak på ein traktor på Sogn Jord- og Hagebrukssskule. Foto: Sogn Jord- og Hagebruksskule.
Foto av to kvinner som haustar noko bak på ein traktor på Sogn Jord- og Hagebrukssskule. Foto: Sogn Jord- og Hagebruksskule.

Foto: Sogn Jord- og Hagebruksskule.

Ny rektor i Aurland

Aksel Hugo er tilsett som rektor ved Sogn Jord- og Hagebruksskule.

Hugo tek til i stillinga som rektor frå 1.mars 2016. Hugo er 56 år og kjem frå Norges miljø- og biovitenskapelige universitet (NMBU), der han er tilsett som førsteamanuensis ved lærarutdanninga. Han har solid pedagogisk og fagleg kompetanse for å gå inn i stillinga som rektor ved jord- og hagebruksskulen i Aurland.

Hugo har gjennom arbeidet ved NMBU dei siste 20 åra hatt kontakt med Sogn Jord- og hagebruksskule ved ulike former for fagleg samarbeid innanfor økologisk landbruk, stadbasert læring og natur- og kulturbaserte utviklingsprosjekt. Denne kontakten og dette arbeidet har gitt han god kunnskap om og kjennskap til  Sogn Jord- og Hagebruksskule.

For meir informasjon

Bekka Skaasheim
fylkesdirektør for opplæring
415 30 956
bekka.skaasheim@sfj.no

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Fylkesdirektør

Bekka Skaasheim, fylkesdirektør for opplæring, passbilete

Bekka Skaasheim

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00