Ny rammeavtale om kjøp av forvaltingsrevisjonstenester

Deloitte AS skal levere forvaltingsrevisjonstenester for Sogn og Fjordane fylkeskommune dei to neste åra. Fylkesordførar Åshild Kjelsnes signerte rammeavtalen 28. mai.

Kontrollutvalet gjennomførte tidlegare i år ein anbodsprosess, som resulterte i at Deloitte vart valt som leverandør. Avtalen gjeld i to år, men fylkeskommunen kan forlenge denne med to år til etter dette.

Deloitte AS leverte det økonomisk mest fordelaktige tilbodet etter vurdering av to kriterium – pris og kvalitet på arbeidet.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut