Ny personalsjef tilsett i fylkeskommunen

Sogn og Fjordane fylkeskommune har tilsett Toril Einarsen (55) som ny personalsjef. Ho kjem frå stilling som pleie- og omsorgsleiar i Balestrand kommune, ei stilling ho har hatt dei siste ni åra.

Toril Einarsen er utdanna sjukepleiar og har mellom anna ei lang karriere som leiar på ulike nivå ved fylkessjukehuset i Haugesund. Ho har også vidareutdanna seg innan ulike sider av leiarfaget. ”Eg gler meg til å byrje i ny stilling, til å møte nye kollegaer og til spanande utfordringar i nye omgjevnader,” seier Toril Einarsen. Ho tek til i jobben som personalsjef i fylkeskommunen den 6. april 2010.

Del dette:

Relaterte lenker