Foto av Siri Ingvaldsen og Ove Eide på Sogndal folkebibliotek. Vi ser bokhyller i bakgrunnen.
Foto av Siri Ingvaldsen og Ove Eide på Sogndal folkebibliotek. Vi ser bokhyller i bakgrunnen.

Fylkesbiblioteksjef Siri Ingvaldsen saman med Ove Eide på lanseringa av forfattarnettstaden forfattarar.sfj.no. (Foto: Anja Angelskår Mjelde/Sogn og Fjordane fylkeskommune)

Ny nettstad og litterær kanon

Fylkesbiblioteket i Sogn og Fjordane lanserer i dag nettstaden forfattarar.sfj.no, og Ove Eide presenterer framlegget sitt til litterær kanon for fylket.

Lanseringa vart markert med eit arrangement på Sogndal folkebilbliotek. Den nye tenesta forfattarar.sfj.no gjev oversyn over forfattarskap og samtidslitteraturen i fylket og er eit viktig bidrag for å styrke opplysningar og kunnskap om lokale forfattarar, litteratur, kultur og historie frå Sogn og Fjordane.  

Litterær arv

I samband med lanseringa la Ove Eide fram forslaget sitt til ein litterær kanon for Sogn og Fjordane – ei liste med forfattarnamn og bøker han meiner alle i fylket bør kjenne til, og ikkje minst lese.

– Det er mange litterære perler i historia vår – med skildringar av liv og levemåtar, konfliktar og fellesskap, verdiar som er truga og haldningar vi kjenner oss att i. Denne litterære arven er ein del av identiteten i fylket vår, påpeikar Eide.

Han er kanskje den i Sogn og Fjordane som har mest inngåande kjennskap til litteraturen i fylket.

Samarbeid med Nordland

Fylkesbiblioteket i Sogn og Fjordane har i samarbeid med Nordland fylkesbibliotek gått saman om å utvikle forfattarnettstaden. Tenesta gjer seg nytte av fleire tilgjengelege digitale ressursar og koplar dei saman.

Prosjektet er støtta av Nasjonalbiblioteket, og løysinga er basert på ei opa og fri tilgjengeleg publiseringsplattform, som gjer at andre kan ta ho i bruk. Tenesta vil forhåpentlegvis vere eit nyttig bidrag til andre fylke eller regionar som har same behov og ønskjer å bygge eigne forfattarportalar,

Det er også planlagt ei fase to av prosjektet for å blant anna gjere innhaldet rikare med bruk av lyd, avisartiklar og fleire kjelder.

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00