b 2bzq 22tcj
b 2bzq 22tcj

Jan Heggheim, Anne-Lene Norman, Leif Edvard Aarø og Synnøve Stalheim. Foto: Sigrun Espe/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Ny kunnskap om levekår i Sogn og Fjordane

Tre av fire i Sogn og Fjordane meiner sjølve dei har god eller svært god helse. Men berre litt over 30 prosent er fysisk aktive i minst 30 minutt kvar dag, og 12 prosent kjenner seg einsame.

Dette er nokre av resultata frå fylkeshelseundersøkinga som vart gjennomført i Sogn og Fjordane våren 2019. Heile 9149 personar, 45,4 prosent av dei inviterte, har delteke i undersøkinga, noko som betyr at vi har eit omfattande datagrunnlag for å kartlegge levekår og livskvalitet hjå vaksenpopulasjonen i fylket.

Undersøkinga

Områda som blir dekka i fylkeshelseundersøkinga inkluderer blant anna psykisk helse, helserelatert åtferd og ulike aspekt ved sosialt miljø og nærmiljø. Folkehelseinstituttet (FHI) har gjort ei analyse mot kjønn, alder, utdanning og region innan fylket. Resultata presentert i rapporten frå FHI gir eit overordna bilete av det som ligg av informasjon i dette datamaterialet. Det er eit mål at data frå undersøkinga blir nytta for vidare analyse og forsking.

Undersøkinga er utført av fylkeskommunen i samarbeid med FHI, og fredag 14. juni var Leif Aarø frå FHI i Førde for å presentere resultata frå undersøkinga. Den fullstendige rapporten kan ein laste ned som ei pdf-fil: Folkehelseundersøkinga i Sogn Og Fjordane: Framgangsmåte og utvalde resultat.

Geografi

Tilbakemeldingane frå dei ulike regionane i fylket – Nordfjord, Sunnfjord, HAFS/Ytre Sogn og Indre Sogn – er ganske like, men vi ser små regionale skilnader innanfor visse område. Eit døme på dette er tilgang til offentlege tenester, butikkar, servicetilbod, kultur- og idrettstilbod og offentleg transport, der HAFS skårar lågt. Eit anna døme er Indre Sogn som skil seg ut med ein høgare prosentdel som rapporterer at dei har god råd.

Når det gjeld alder og kjønnsfordeling, er det liten variasjon i svara på tvers av geografi. Men det er større variasjon i utdanningsnivå. Høgaste prosentdelen med utdanning på universitets- eller høgskulenivå finn ein i Indre Sogn.

Ei rekkje med funn som viser at Indre Sogn kjem litt meir positivt ut enn resten av fylket, viser at vi er på linje med resten av landet og verda: god utdanning og økonomi slår positivt ut når det gjeld folkehelse.

Alder, kjønn og utdanning

Høgare utdanning er kjent som ein faktor som fører til betre livskvalitet. Dette stemmer også i denne undersøkinga.

Kjønn og alder påverkar på ulikt vis innanfor dei ulike områda, men oftast i positiv favør for dei eldre. Nokre konkrete døme frå rapporten er at dei yngre et mykje mindre fisk, har fleire psykiske plager, er meir einsame og drikk meir alkohol.

Sett på spissen kan ein sei at dei eldste i fylket tek dei klokaste vala, lever sunnast og er mest nøgde.

Rapporten

Rapporten frå FHI er på om lag 150 sider. Her kan ein finne informasjon om undersøkinga og metode brukt, ei oversikt over alle variablane, resultata innanfor kvart område og ein diskusjon rundt funna.

Last ned rapporten: Folkehelseundersøkinga i Sogn Og Fjordane: Framgangsmåte og utvalde resultat.

Oversikt over variablar i undersøkinga:

Dette er dei ulike tema ein kan lese meir om i rapporten frå FHI:

  • Psykisk helse 
  • Alkohol
  • Dagleg røyking
  • Dagleg snusing
  • Inntak av sukkerhaldig brus/leskedrikk (sjeldan eller aldri)
  • Dagleg inntak av frukt og bær 
  • Dagleg inntak av grønsaker
  • Inntak av fisk 1 gong i veka eller meir 
  • Dagleg fysisk aktiv 
  • Generell helse
  • Opplever einsemd ofte eller svært ofte
  • Sosial støtte
  • Deltaking i organisert aktivitet kvar veke 
  • Deltaking i annan aktivitet kvar veke
  • Kjensle av tryggleik i nærmiljøet
  • Fornøgde med livet 
  • Plaga av støy frå trafikk heime 
  • Plaga av annan støy heime 
  • Tilgang til fasilitetar
  • Trivselsfaktorar 
  • Stor grad av trivsel i nærmiljøet 
  • Utsett for skade siste 12 månader
  • Tid sidan du var hos tannlege/tannpleier sist (2 år eller mindre) 
  • Sjølvopplevd god eller stort sett god råd
  • Godt fysisk arbeidsmiljø
  • God balanse mellom arbeidsliv og privatliv
  • Arbeid som ikkje går ut over eiga helse
  • Fornøgde med jobben 
  • Reiseveg til arbeid-/studiestad på over 20 km
  • Bruk av transportmidlar

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette