Ny hovudbank for Sogn og Fjordane fylkeskommune

Fylkeskommunen skreiv torsdag 9. oktober kontrakt med Sparebank 1 SMN som sin leverandør av banktenester etter anbodskonkurranse.

Avtalen gjeld for tre år med opsjon om forlenging i eit år. Banktenester skal etter regelverk om offentlege anskaffingar ut på anbod, og Sparebank 1 SMN vann anbodet etter konkurranse med Sparebanken Sogn og Fjordane, Sparebanken Vest, Danske Bank og DNB. Bankskiftet gjeld frå 3. november 2014. Avtalen omfattar banktenester til heile fylkeskommunen si verksemd.

For meir informasjon, kontakt:

Tore Eriksen
fylkesrådmann
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Mobil: 415 30 932

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut