Foto av fylkesordførarkjeda for Vestland.

Foto: Morten Wanvik/Vestland fylkeskommune

Ny fylkesordførarkjede for Vestland er klar

16 motiv frå heile Vestland dannar den rykande ferske fylkesordførarkjeda som den nye fylkesordføraren får overrekt i Håkonshallen tysdag kveld. Motiva er nøye valde. Her skal det vere noko som alle kan kjenne seg igjen i. Her er alt frå fjordhest og sild, til Bryggen og bru. Og ein QR-kode.

For komiteen som har hatt ansvar for fylkesordførarkjeda, har det vore viktig at det skal vere ei kjede som alle i Vestland fylkeskommune kan vere stolte av. Motiva i kjeda skal vere samlande og representere den nye fylkeskommunen på ein god måte. Symbola skal representere historie, næringsliv, natur og miljø i både fortid, samtid og framtid. Blant symbola er Gulatinget, helleristningar, Urnes stavkyrkje, steinkross og andre element frå Vestland.


Foto av fylkesordførarkjeda for Vestland.

Dette er symbola på fylkesordførarkjeda, på biletet sett frå venstre:

  • QR-kode
  • helleristning (hjort)
  • steinkors
  • Urnesportalen
  • fjordhest
  • sild (i flokk)
  • jekt
  • Bryggen
  • bru
  • turbin
  • hardingfele
  • eple
  • friluftsliv (skiløpar)
  • tunnel
  • drope

Nedst på kjeda, over fylkesvåpenet, er ein bokstav «þ» frå ein av dei handskrivne tekstene til Gulatingslova. Denne er meint å symbolisere Gulatingslova og Gulatinget, og såleis starten på demokratiet i Noreg. Orda «þat er fyst» («det er fyrst») innleiar kapittelet om mannhelg, det vil seie rettsvern mot overgrep på liv, legeme eller ære.

På den delen av kjeda som vil dekke ryggen til den som ber ho, er det sju mindre symbol – som er kopiar av sju større symbol i front. Det 8. mindre symbolet på ryggen er ein QR-kode, som representerer den teknologiske tida vi lever i. Det er mogleg å scanne QR-koden for å lese om prosess og bakgrunn for fylkesordførarkjeda på vlfk.no.

Komiteen har vore samansett av

  • folkevalde: Benthe Bondhus, Nils Marton Aadland, Bjørn Hollevik og Åshild Kjelsnes
  • administrasjonen: Ronny Skaar (Hordaland fylkeskommune) og Ingebjørg Erikstad (Sogn og Fjordane fylkeskommune)
  • prosjektleiar: Marianne Ose Askvik (Hordaland fylkeskommune)

Prosessen bak

Val av profesjonelle kunsthandverkarar/designarar vart gjennomført gjennom ei prekvalifisering. Målet med prekvalifiseringa var å finne kandidatar til ein lukka konkurranse eller direkte oppdrag. Det var to kandidatar som melde si interesse innan fristen, og komiteen gav direkteoppdraget til ein av desse, Fjordsylv AS i Vik. Sylvsmed Knut Mykkeltvedt melde at han ønskte å samarbeide med biletkunstnar Åse Bjørnestad Dale i Aurland om oppgåva.

– Komiteen har hatt gode diskusjonar på dei fire møta vi har hatt. Det ferdige resultatet av fylkesordførarkjeda er samrøystes vedteke, seier prosjektleiar Marianne Ose Askvik.

Motiva på fylkesordførarkjeda i Vestland

Gulating

Gulatinget var det største lagtinget i Noreg frå 900 til 1300. Lovområdet femna heile kysten, samt Hallingdal, Setesdal og Valdres. Tinget var ei politisk forsamling med lovgjevande, utøvande og dømmande makt. I Eivindvik finn vi den autentiske tingstaden, der den anglikanske krossen frå 900-talet markerer plassen der Gulatinget først var samla.

Gulatingslova er den eldste av landskapslovene i Noreg og den eldste bevarte lovsamlinga i dei nordiske landa.

Denne vakkert ornamenterte utgåva av bokstaven Þ, er henta frå eit av handskriftene til Gulatingslova, frå innleiinga til Mannhelgbolken (bolk nr. 11). Denne bolken utgjer ein vesentleg del av heile den eldre Gulatingslova, og inneheld det vi i dag vil kalle straffe- og erstatningsrettsreglar. Bokstaven heiter þurs, og er henta frå setningen som i dag ville ha hatt tydinga: «Det er fyrst.»

Helleristningar

Helleristningar finn vi på fjell og svaberg mange stadar i regionen. Dei viser bilete av menneske, dyr, gjenstandar og abstrakte symbol, som oftast høgde i fjellet. Dei eldste motiva, veideristingane, kan vere 7000 år gamle. Dei viser bilete av dyra menneska jakta på. Den smekre hjorten var eitt av desse.

Urnesportalen

Urnes stavkyrkje er eitt av fire norske kulturminne på UNESCO si liste over dei fremste kulturminna i verda og står i ei særstilling i norsk kulturhistorie. Ho er bygd i 1130 og er rekna som den eldste av dei norske stavkyrkjene.

Dei kjende utskjeringane på nordveggen er truleg frå midten av 1000-talet og kan stamme frå ei endå eldre kyrkje. Urnesstilen er kjend frå Storbritannia og fleire stadar i Norden, til dømes på papir og i stein, men det er berre på Urnes vi finn utføring i tre dimensjonar; djupe relieff prega av detaljrik og elegant treskjering av ypparste kvalitet. Sentralt i utskjeringane står «det store dyret», attgjeve med smale ekstremiteter, lang hals og eit smekkert hovud.

Steinkross

Langs vestlandskysten står det fleire høge, frittståande steinkrossar. Sjølv om det fleire stadar her i landet er funne mindre steinkrossar nytta som gravkrossar, er dette den einaste regionen i landet med dei høge, frittståande krossane.

Krossane finst innafor det som i mellomalderen var Sygnafylket, Firdafylket, Hordafylket og Rygjafylket, og det opphavlege lovområdet til Gulatinget. Dette var også kjerneområdet til Håkon den gode på 900-talet. Etableringa av Gulatinget omtrent samtidig har vorte sett i samanheng med Håkon den godes forsøk på å konsolidere makta på Vestlandet, og han var truleg den første kongen som forsøkte å innføre kristendommen i Noreg. Eivindvik er ein av stadane som peikar seg sterkast ut. Her står det to større steinkrossar, begge hogne i Hyllestad i Ytre Sogn.

Fjording

Fjordhest, eller fjording, er ei norsk hesterase med sterke røter på Vestlandet. Han vert rekna som ein av dei eldste hesterasane i verda. Fjordhesten har blitt brukt som gardshest på Vestlandet i lang tid. Hesten var viktig i landbruket på Vestlandet fram til traktoren tok over ei tid etter andre verdskrig.

Sild

Sildefisket har skapt vekst og utvikling, særleg på Vestlandet. Sild er ein viktig matfisk, som har gjeve grunnlag for framvekst av næringsliv, tettstadar og byar langs kysten vår. Silda har, ikkje utan grunn, fått tilnamnet «havets sølv».

Jekt

Jekter var gjennom 400–500 år føringsbåtar og sambandsledd for folket på kysten. Det var utstrekt jektefart i fjordane på Vestlandet, både nord og sør for Bergen, og mellom Vestlandet og Nord-Norge. Jektefarten var livsnerva langs kysten, for frakt av handelsvarer, fisk, landbruksprodukt og folk.

Bygging av jekter og båtar var ei viktig næring langs heile vestlandskysten. Jektene vart klinkbygde, på tradisjonelt vis, etter lokale handverkstradisjonar og på grunnlag av båtbyggjaren si erfaring og kunnskap, utan teikningar eller modeller.

Bryggen

Bryggen i Bergen omfattar dei gamle trehusa på austsida av Vågen med byggeplan og hus frå både førhanseatisk og hanseatisk tid. Til Bryggen reknast i dag eit område på om lag 13 dekar med 61 freda bygningar. Bryggen i Bergen er, saman med Urnes, eitt av fire norske kulturminne på UNESCO si verdsarvsliste.

Bryggen var staden for utveksling av norske produkt som fisk og fiskeprodukt og varer frå jord-, skog- og februk, med utanlandske varer som korn, malt, mel, øl m.m. Dette gjorde Bergen til den viktigaste byen i det gamle norske riket, og til ein internasjonal by med eit aukande tal engelskmenn, skottar, hollendarar m.fl. Tyske kjøpmenn slo seg etter kvart ned på Bryggen. Frå ca. 1350 vart Bergen knutepunktet for den hanseatiske handelsverksemda i Norge.

Bru

Bruene bind Vestland saman. Loftesnesbrua står som eit symbol for dette. Ei vakker bru kan ligge som eit smykke i landskapet. Brua og vegen minner oss om det harde arbeidet og den store ingeniørkunsten som ligg bak den krevjande utviklinga av samferdsla i fylket vårt.

Turbin

Vasskrafta skapte grunnlaget for industrialiseringa av Noreg. Vasskraft frå Vestlandet har medverka til å modernisere og bygge landet vårt. Turbinen omdannar den mektige krafta i styrtande vatn til rein elektrisk kraft som blir fordelt til husvære, verksemder og industri i inn- og utland. Krafta skapar verdiar som gjennom meir enn 150 år har medverka til utvikling av samfunns- og kvardagsliv, til gagn for alle.

Hardingfele

Kunst- og kulturlivet er rikt og blømande i Vestland. Hardingfela fekk si form i Hardanger på 1600-tallet, truleg ved ei gradvis utvikling frå eldre norske strykeinstrument og den europeiske fiolinen.

Hardingfela kan ha to til seks understrengar som kling med i spelet. Dette skapar den særeigne klangen i instrumentet. Felemakarane var eineståande handverkarar med store kunnskapar om materialet, spelet, og ornamenteringa. Hardingfelene er ofte rikt utsmykka med sirlege dekorasjonar. Hardingfela vart tidleg populær på Vestlandet og spreidde seg snart til andre landsdelar. I dag er hardingfela eitt av dei viktigaste instrumenta i norsk folkemusikk.

Eple

Vestland er eit kjerneområde for fruktdyrking. I dei lune, solrike bakkane som strekk seg frå fjord til fjell, vert det dyrka eple, pære, plomme og kirsebær i den varme, djupe jorda som ligg att etter istida. Etter tradisjonen skal det ha vore munkane, frå til dømes Lyse kloster, som tok til å dyrke frukt alt i mellomalderen. Det er først på 1800-talet at fruktdyrkinga for alvor vart ei stor næring i fjordbygdene.

Friluftsliv/skiløpar

Vestland er prega av djupe fjordar og høge fjell. I gamal tid, som i dag, har ferdsla vore krevjande. Det var fjorden som var vegen. Til lands gjekk ferda til fots og med hest. Vinterstid var det truger, slede og ski som måtte nyttast.

I dag ser vi på naturen vår som ei umisseleg kjelde til oppleving og kvile. Vern av naturområde som grunnlag for biologisk mangfald og eit rikt friluftsliv er føresetnaden for ei berekraftig framtid.

Tunnel

Der brua kryssar fjorden og elva, trengjer tunnelen gjennom fjella – og bind saman Vestland. Det er meir enn 1100 vegtunnelar i landet vårt, og Vestland er fylket med flest tunneler. Tunnelen tyder på hardt arbeid og sterk vilje!

Drope

Det kan regne på Vestlandet! Dei utallege regndropane er kjelda til liv og vekst, til kraft og industri. Vatn, elvar, fossar, fjordar og hav inngår i den store samanhengen som gjev vilkåra for livet, på Vestlandet og i verda.

Verdsarvområdet Vestnorsk Fjordlandskap, med delområda Nærøyfjorden og Geirangerfjorden, er innskrive på UNESCO si liste over verdas naturarv. Her heiter det:

Vestnorsk fjordlandskap er klassiske, framifrå velutvikla fjordar, og vert rekna for å vere typelokalitet for fjordlandskapa i verda. (…) Deira unike naturvenleik kjem av dei tronge dalgangane med bratte krystallinske bergsider som strekkjer seg frå 500 m under vassflata til 1400 meters høgde over Norskehavet. Eit utal fossar kastar seg utfor dei stupbratte fjellveggane, medan talrike frie elvar renn frå takkete fjell, brear og bresjøar, gjennom lauv- og barskog, og ned til fjorden. Eit stort mangfald av andre naturfenomen på land og i vatn med m.a. undersjøiske morenar og sjøpattedyr, forsterkar naturopplevinga. Restar av eldre, no for det meste nedlagde gardsbruk og stølar, tilfører det dramatiske naturlandskapet ein kulturell dimensjon som utfyller og aukar den samla verdien av området.

QR-koden

Vi er i den digitale tidsalder. På universitet, høgskular, i næringsliv og i offentleg sektor finst høg kompetanse om utvikling og bruk av informasjons- og datateknologi. Vestlendingane deltek og samhandlar i kvardags- og samfunnslivet gjennom stadig betre digitale løysingar. QR-koden er symbolet på dette.

QR-kode (av Quick Response Code) er ein mosaikkode som vart utvikla på byrjinga av 1990-tallet. Han er eigna til optisk lesing av data. Koden på fylkesordførarkjeda skal leie til ei nettside med informasjon om fylkesordførarkjeda, men går akkurat no til nyheitssaka om kjeda på vlfk.no.

Last ned høgoppløysleg bilete på Flickr

 

Foto av fylkesordførarkjeda for Vestland.
 

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut