Ny avtale med Ungt Entreprenørskap

Fylkeskommunen har inngått ein toårig avtale med Ungt Entreprenørskap (UE) om arbeid med nyskaping og etablering i skulen. I perioden 2015-2016 vil fylkeskommunen årleg bidra med 900 000 kr til UE.

Avtalen skal støtte opp om det viktige arbeidet med entreprenørskap i grunnskule, vidaregåande skule og høgskule.

Viktig satsingsområde
- Entreprenørskap i skulen er eit viktig satsingsområde for fylkeskommunen. Mykje takka vera Ungt Entreprenørskap, har Sogn og Fjordane kome langt i dette arbeidet, men vi kan fortsatt verte betre. Det er difor både kjekt og viktig å få på plass ein ny avtale som sikrar vidare satsing, seier fylkesdirektør for næring, Jan Heggheim.

Dagleg leiar i Ungt Entreprenørskap i Sogn og Fjordane, Holger Aasen, seier at avtalen med fylkeskommunen er viktig då den bidreg til å sikre stabile rammer og godt grunnlag for vidare samarbeid.

Ein brubyggjar mellom utdanning og næringsliv

Verdiskapingsplanen slår fast at det er viktig å arbeide vidare med haldningsskapande arbeid for å få fleire til å satse på eiga bedrift, frå barnehage til høgskule. Ungt Entreprenørskap har ei sentral rolle i dette arbeidet, og dei eksisterande satsingane skal derfor vidareførast og styrkast. Samstundes vil organisasjonen prioritere satsingar som er særleg viktige i fylkeskommunen sine strategiar, i tillegg til å setje eit ekstra søkjelys på kvalitet i satsingane.

Ei av hovudsatsingane framover er at alle kommunane i fylket skal delta i eitt eller fleire av programma til Ungt Entreprenørskap. I tillegg skal alle kommunane ha ein plan for arbeid med entreprenørskap i skulen. Det er også viktig at næringslivet deltek aktivt i aktivitetane til Ungt Entreprenørskap, då organisasjonen fungerer som ein brubyggjar mellom utdanning og arbeid- og næringsliv.

Ungt Entreprenørskap

UE er ein landsomfattande organisasjon som i samspel med skuleverk, næringsliv og andre aktørar jobbar for å utvikle born og unge sin kreativitet, skaparglede og tru på seg sjølv.

Visjonen til UE er at UE skal inspirere unge til å tenke nytt og til å skape verdiar. UE vart starta i 1997 og tilbyr program i heile utdanningsløpet frå grunnskule til høgare utdanning. Alle programma vert gjennomført i samarbeid med lokalt næringsliv. UE sitt føremål, i samspel med skuleverk, næringsliv og andre aktørar, er å:

  • Utvikle born og ungdom sin kreativitet, skaparglede og tru på seg sjølv
  • Gje born og ungdom forståing for betydinga av verdiskaping og nyskaping i næringslivet
  • Fremje born og ungdom si samarbeidsevne og ansvarsbevisstheit.
  • Gje forståing for og kunnskap om etikk og reglar i nærings- og arbeidslivet
  • Styrkje samhandlinga i lokalsamfunnet mellom nærings- og arbeidslivet og skulane
  • Stimulere til samarbeid over landegrensene
  • Inspirere til framtidig verdiskaping i ein sosial, kulturell og økonomisk samanheng

Ungt Entreprenørskap starta opp i Sogn og Fjordane i 2000. Fylkeskommunen var då ein av stiftarane saman med Fylkesmannen si landbruksavdeling, Innovasjon Norge, Høgskulen i Sogn og Fjordane og NHO Sogn og Fjordane.

For meir informasjon, ta kontakt med

Jan Heggheim
fylkesdirektør for næring
mobil: 905 66 623
e-post: jan.heggheim@sfj.no

Holger Aasen
Dagleg leiar Ungt Entreprenørskap Sogn og Fjordane
mobil: 958 17 898
e-post: holger.aasen@sfj.no

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Endre Høgalmen

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur
Endre.Hogalmen@sfj.no
952 07 789

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00