Fjord med snødekte fjell i bakgrunnen
Fjord med snødekte fjell i bakgrunnen

Foto: Rolf M. Sørensen/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Ny avtale med Fjord Norge

Hovudutvalet for næring og kultur gjennomførte siste møte før sommaren på Svanøy 21 juni. I møtet vart det vedteke ny avtale mellom fylkeskommunen og Fjord Norge, samt å løyve 300 000 kroner til gjennomføring av sykkelrittet Tour des Fjords i Sogn og Fjordane.

Fjord Norge

Fjord Norge er landsdelsselskapet for dei fire Vestlandsfylka. I tett samspel med destinasjonsselskapa og næringa skal Fjord Norge leie det internasjonale marknadsarbeidet for Vestlandet. Sidan etableringa av Fjord Norge AS i 1993 har fylkeskommunane gjeve selskapet årlege tilskot til marknadsarbeidet. Den nye avtalen mellom fylkeskommunen og Fjord Norge gjeld for og har ei årleg ramme på 3 mill. kr.

Tour des Fjords

Sunnfjord næringsutvikling og sykkelrittet Tour des Fjords har avtalt å arrangere ei etappe mellom Balestrand og Førde i 2017. Fylkeskommunen har gjennom hovudutvalet for næring og kultur løyvd 300 000 kroner til Sunnfjord Næringsutvikling  for å støtte finansieringa av rittet.

Unik fjordnatur

Fjord Norge har vore med å gjere Vestlandet og Sogn og Fjordane kjent utover landegrensa. Ei vidareføring av avtala stadfester fylkeskommunen sitt ønskje om ei langsiktige og føreseieleg støtte. Saman med tilskotet til arrangementet Tour des Fjords vitner desse vedtaka om ei levande reiselivssatsing som aukar kjennskapen til fylket både nasjonalt og internasjonalt.

Sakspapir frå møte i hovudutval for næring og kultur 21. juni 2016.

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Endre Høgalmen

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur
Endre.Hogalmen@sfj.no
952 07 789

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00