Norsk-malawisk samarbeid får internasjonal pris

Det nystarta føretaket «Kumudzi Kuwale» tok 10. september i mot ein internasjonal pris for sitt arbeid for å gi berekraftig energi til landsbygda i Malawi. Entreprenørbedrifta er eit resultat av fredskorpsutveksling mellom Flora vidaregåande skule og Nkhotakota Youth Organisation.

Selskapet tilbyr løysingar for lys- og mobillading til kundar med låg inntekt, og har sidan årsskiftet vekse frå ein til elleve tilsette.

Tok imot pris

Kumudzi Kuwale tok imot «SEED Africa Award» i ein internasjonal seremoni i Nairobi i Kenya, valt ut i konkurranse med verksemder innan berekraftig og grønt næringsliv i fleire afrikanske land.

Flora vidaregåande skule og ungdomsorganisasjonen i Malawi har, med støtte frå Fredskorpset, utveksla ekspertar på fornybar energi, elektronikk og entreprenørskap sidan 2012. Prosjektet har òg fått støtte frå den norske ambassaden i Malawi.

– Viktig

– For Flora vidaregåande skule er elevengasjement, entreprenørskap, lokal utviklingsorientering og yrkesopplæring viktige områder. I Malawi-prosjektet vårt bidreg til vi både skulegang, næringsutvikling og ein lettare kvardag med berekraftig energi. Fredskorpsprosjektet vårt, som ei vidareføring av elevane og dermed skulen sitt yrkesopplæringsprosjekt i Malawi, viser at dette og er innfallsvinklar som har overføringsverdi til andre, seier rektor ved Flora vidaregåande skule, Knut Christian Clausen.

Malawi er eit av verdas fattigaste land, og berre om lag 10 prosent av innbyggjarane har tilgang til straum. Mange fattige brukar ein stor del av inntekta sin på innkjøp av batteri og parafin.

Billigast og best

— I Malawi er solenergi det klart rimeligaste og beste alternativet for dei fleste. Likevel har det vore for dyrt for fattige på landsbygda å investere i solcellemodular og batteri, seier leiar av bedrifta, Trygve Mongstad, som er på utveksling til Malawi med fredskorpset.

Selskapet har difor satt opp ladestasjonar i fleire landsbyar der innbyggjarane kan lade batteriladingar som blir tilbydd til ein pris som er lågare enn energiutgiftene til parafin og vanlege batteri.

– I staden for å kjøpe eit stort solcellesystem vil dei difor kunne kjøpe eit par LED-lyspærer og ledningar for å få lys heime, forklarar Mongstad.

Det er dette arbeidet Kumudzi Kuwale no får internasjonal anerkjennelse for. Målet er å nå ut til over 700 husstandar i løpet av 2014, noko som vil gi tilgang til straum til rundt 4000 innbyggjarar i distriktet.

Kontaktpersonar:

Trygve Mongstad
Dagleg leiar, Kumudzi Kuwale
+265 88 42 88 610 (vanskeleg å nå på tlf i perioden 8.9-14.9)
Skype: trygvetv
trygve.mongstad@kumudzikuwale.com

Øystein Garfors
Prosjektleiar for samarbeidet i Norge (Flora VGS)
+47 415 30 603
oystein.garfors@sfj.no

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Fylkesdirektør

Bekka Skaasheim, fylkesdirektør for opplæring, passbilete

Bekka Skaasheim

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00