Foto av Åshild Kjelsnes på Island, i samband med nordisk verdsarvkonferanse 2016. Biletet syner Kjelsnes utanfor besøkssenteret på Heimaey, den største av Vestmannaøyene.
Foto av Åshild Kjelsnes på Island, i samband med nordisk verdsarvkonferanse 2016. Biletet syner Kjelsnes utanfor besøkssenteret på Heimaey, den største av Vestmannaøyene.

Fylkesvaraordførar Åshild Kjelsnes er medlem av verdsarvrådet til Vestnorsk Fjordlandskap og var difor ein naturleg representant for Sogn og Fjordane på den nordiske verdsarvkonferansen på Island. (Foto: Sogn og Fjordane fylkeskommune)

Nordisk verdsarvkonferanse

Fylkesvaraordførar Åshild Kjelsnes deltok på den nordiske verdsarvkonferansen i Reykjavik 21.–23. september. Hovudtema var turisme i verdsarvstadane og samarbeid mellom dei.

Kjelsnes deltok på konferansen som medlem av verdsarvrådet til Vestnorsk Fjordlandskap. Ho meiner det er nyttig at dei nordiske verdsarvstadane kjem saman og lærar av kvarandre og inspirerer kvarandre.

– Gjennom samarbeid og erfaringsutveksling kan vi ivareta verdsarvstadane på ein betre måte enn vi kunne gjort kvar for oss. Ved å dele erfaringar får vi gode idear og inspirasjon til korleis vi kan ta vare på og bruke verdsarvstadane på ein god måte, seier Kjelsnes.

Utfordringar knytt til turisme

Turisme er eit svært aktuelt tema for alle verdsarvstadane. Mange av dei har utfordringar knytt til stor tilstrøyming, og det er viktig å ta imot dei besøkjande på ein god måte. Samstundes er det viktig at dei universelle, eineståande verdiane i verdsarvstaden vert tekne vare på.

Temaet berekraftig turisme er noko som både mange verdsarvstadar og UNESCO arbeider med. Vestnorsk fjordlandskap har mellom anna starta opp eit stort forskingsprosjekt om berekraftig besøksforvaltning og lokalsamfunnsutvikling. UNESCO arbeider med å utvikle ulike verktøy som kan nyttast i stadane sitt arbeid med berekraftig turisme.

Vitja Vestmannaøyene og Tingvellir

Konferansen var i Reykjavik med ekskursjonar til Vestmannaøyene og Tingvellir. På Heimaey, den største av Vestmannaøyene, er det etablert eit besøkssenter for verdsarvstaden Surtsey. Surtsey skil seg frå dei andre verdsarvstadane ved at turistar ikkje får gå i land der, og verdsarven her må formidlast på andre måtar enn ved å ta med besøkjande dit.

– Det var ei oppleving å kome ut til Vestmannaøyene. Det var særleg interessant å sjå korleis besøkssenteret formidlar både det store vulkanutbrotet som skapte Surtsey i 1963. Senteret formidlar også godt dei i 1973 arbeidde for å verne hamna og bustadane på Heimaey under eit stort vulkanutbrot, seier Kjelsnes.

Danna ny nordisk foreining

På Tingvellir vart konferansen avslutta med den formelle danninga av Nordic World Heritage Assosiation. Med danninga av Nordic World Heritage Assosiation har det nordiske nettverket blitt ein medlemsorganisasjon for dei nordiske verdsarvstadane.

Målet med foreininga er å halde fram arbeidet med å implementere verdsarvkonvensjonen i dei nordiske landa ved fortsatt kompetanse og kapasitets bygging ved dei nordiske verdsarvstadane. Leiar av den nye foreininga er John A. Bryde, dagleg leiar i Norges verdensarv.

For meir informasjon

Åshild Kjelsnes
ashild.kjelsnes@sfj.no
918 88 568

Kjelsnes på Island2.jpg
Alle deltakarane på konferansen samla på Heimaey, den største av Vestmannaøyene. (Foto: Einar Á. E. Sæmundsen)

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00