Nordatlantisk konferanse om den nordiske velferdsstaten

NORA – Nordatlatisk samarbeidsråd (Island, Færøyane, Grønland og kyst-Norge) – arrangerer regionkonferanse om den nordiske velferdsstaten. Konferansen finn stad i Reykjavik 7. og 8. november.

Velferdsstaten er under press. Den nordiske modellen står overfor store utfordringar i regionar med avgrensa befolkningsgrunnlag. Store avstandar og små lokale samfunn skaper utfordringar med omsyn til å levere tenester effektivt og i samsvar med krava og forventingane til befolkninga.

Ei rekkje praktikarar og forskarar vil på konferansen i Reykjavik presentere analysar av den nordiske modellen. Dei legg vekt på korleis han best kan omsetjast i regionane våre, og korleis vi betre kan samarbeide om å finne dei beste løysingane.

Meir informasjon om konferansen på heimesidene til NORA

NORA er ein regional samarbeidsorganisasjon under Nordisk Ministerråd. NORA har som mål å styrkje samarbeidet i den nordatlantiske regionen gjennom strategiske initiativ og støtte til konkret prosjektaktivitet. NORA har hovudsekretariat på Færøyane. I dei andre medlemslanda – Grønland, Island og kyst-Noreg – er NORA representert av regionale kontaktpersoner. I Noreg er det Landsdelsutvalget og Vestlandsrådet som har denne rolla.

NORA på Facebook

Del dette:

Relaterte lenker