Foto frå Eidsgata på Nordfjordeid ein sommardag med mykje folk og handel.
Foto frå Eidsgata på Nordfjordeid ein sommardag med mykje folk og handel.

Eidsgata på Nordfjordeid. Foto: Anna Wuttudal/Fjordabladet

No kan du melde deg på plansamling

Det vert arrangert plansamling i Sogndal tysdag 29. og onsdag 30. oktober. Samlinga tek i år føre seg temaa frå visjon til reguleringsplan og stadutvikling. Samlinga gir ei innføring i planprosessar og fagleg påfyll i arbeidet med reguleringsplanar og stadutvikling.

Samlinga er ein arena for alle aktørar som er involverte i planarbeid og utbyggingsprosjekt. Medverknad i planprosessar vil vere eit gjennomgåande tema. God forståing for alle delar av planarbeid kan føre til betre samarbeid, som vidare kan resultere i gode, realistiske og gjennomførbare prosjekt.  

For politikarar vil plansamlinga gi fagleg informasjon ein kan nytte som bakgrunn i avgjerder. Samstundes kan det vere nyttig å sjå korleis andre kommunar arbeidar, frå politiske visjonar til gjennomføring i planarbeid.   

For å få til gode planar er det viktig at involverte aktørar får kome tidleg på bana og delta i utarbeidingsprosessen. Dette gjeld særleg i sentrum og tettstadar, der mange aktørar er samla på eit mindre område. I sentrumsområde er det spesielt viktig med samarbeid, for å spele kvarandre gode og skape eit fellesskap alle kan dra nytte av.  

Her kan du sjå heile programmet for samlinga.

Klikk her for å melde deg på samlinga.  

Plansamlinga er i regi av Sogn og Fjordane fylkeskommune, i samarbeid med Fylkesmannen i Vestland, Distriktssenteret og KS.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Plansjef

Plansjef Synnøve Stalheim portrett

Synnøve Stalheim

Synnove.Stalheim@sfj.no
57 63 81 13
478 97 260

Tilsette