Jente med mørkt og krøllete hår som sit og skriv i ei bok med ein bærbar PC framfor seg. Foto: CollegeDegrees360/flickr.com
Jente med mørkt og krøllete hår som sit og skriv i ei bok med ein bærbar PC framfor seg. Foto: CollegeDegrees360/flickr.com

Foto: CollegeDegrees360/flickr.com

No kan du bestille elev-pc

Skal du byrje på vidaregåande skule til hausten? Då treng du ei berbar datamaskin frå første skuledag.

Dersom du vil ha maskina til skulestart, må du bestille innan 3. juli. Om du vil vente til etter inntaket 9. juli med å bestille, er du ikkje garantert å få maskina til skulestart.

Sogn og Fjordane fylkeskommune har ei ordning der du kan skaffe deg ei berbar datamaskin til ein sum tilsvarande tre gonger minste sats for utstyrsstipendet du får frå Lånekassen kvart skuleår (967 kr gonger tre). Du kan også velje å kjøpe ein Mac eller ein kraftigare pc-modell gjennom ordninga, men då vert eigenbetalinga større.

Ordninga med elev-pc gjeld for vg1-elevar ved alle dei offentlege vidaregåande skulane.

Fylkeskommunen har oppretta ein eigen nettbutikk, der du kan bestille maskin.

Det er opp til deg om du vil nytte ordninga eller om du vil kjøpe berbar datamaskin andre stader. Om du allereie har ei god berbar datamaskin, kan du bruke denne i staden for å kjøpe.

Det viktige er at alle elevar skal stille med berbar datamaskin frå første skuledag.

Les alt om ordninga, sjå modellane og registrer deg i nettbutikken her.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Fylkesdirektør

Bekka Skaasheim, fylkesdirektør for opplæring, passbilete

Bekka Skaasheim

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00