Nils R. heldt sin siste tale til fylkestinget

– Eg meiner vi i Sogn og Fjordane klårt er på rett veg. Vi er eit ressursfylke med etterspurde kvalitetar på fleire område som vi kan satse på i åra som kjem, sa fylkesordførar Nils R. Sandal i sin siste tale til fylkestinget 7. juni. Samstundes peikte han på ein del utfordringar det nye fylkestinget får framover, som nedgang i inntekter, redusert elevtal og mindre pengar til veg. Her kan du lese heile talen.

«Velkomen til fylkesting i vårvakre Balestrand. Talen i dag spesiell for meg. Det er min siste tale i mine 12 år som fylkesordførar. Også siste tale i denne fireårsperioden. Eg vil seie at det er ein slags opptakt til valkampen for fylkestingsvalet 12. september i år.

Det er viktig med ein god valkamp, konsentrert om dei sakene som er viktige for fylket si framtid. Det er viktig at vi har rett perspektiv på det vi skal gjere framover, og i vårt arbeid i fylkeskommunen må vi ha fokus i fleire dimensjonar. Vi må vere konsentrerte om:

Det internasjonale – vi ser ofte at hendingar i andre deler av verda får konsekvensar for vårt fylke, vårt næringsliv og våre innbyggarar.
Det nasjonale – gode nasjonale rammevilkår er avgjerande for vår levestandard og livssituasjon
Det regionale – det er vi sjølve som sit med nøkkelen til å få fylket vårt til å verte ein god plass å leve og virke.

Og så må vi alltid ha i mente korleis dei vedtak vi fattar vil få sine verknader lokalt – i det lokale miljøet og for den einskilde. For det viktigaste er at fylkeskommunen skal medverke til å skape eit godt liv for den einskilde, skape gode lokalmiljø og gje rom for samhandling og samvirke med omverda.

Samtidig må vi vere mersame på vårt globale ansvar. Miljø og klima er også vårt ansvar. Eg meiner at vi i Sogn og Fjordane – i den store samanhengen – klårt er på rett veg. Vi har satsa rett. Difor har vi eit godt fylke. Eg vonar at nye fylkesting vil føre ein politikk i same retning.

Vi må syte for å halde oppe eit perspektiv som resulterer i at vi fører vidare ein politikk der heile Norge framleis vert teke i bruk. Vi treng ein nasjonal politikk som syter for at vi tek heile landet i bruk – som fører til at Sogn og Fjordane vert halde i hevd og kan produsere verdiar for fellesskapet. Det har vi lukkast med så langt.

I dagens debatt bør vi nytte høvet til å sjå framover. Eg vil konsentrere meg om nokre sentrale tema, og vi har fleire andre – også viktige – tema som eg av tidsomsyn lyt la ligge. De får eventuelt bringe slike tema fram i debatten. Men først eit bakteppe:

Sogn og Fjordane slapp billeg frå den økonomiske krisa – nokre vil seie ekstremt billeg. Både nasjonalt og i fylket hadde vi rydda opp i vårt eige hus, vi hadde orden i økonomien vår og kunne dermed stå mot krisa. Dette syner kor viktig det er at vi alltid er ryddige og har kontroll.

Den negative folketalsutviklinga har snudd. Hovudgrunnen til det er den auka innvandringa. Eg er stolt over at vi har eit ope samfunn som er i stand til å ta mot dei som kjem utanfrå og gje dei trivsel og gode levevilkår. Det er ein føresetnad for at dei skal trivast, og dermed også ein føresetnad for stabile levekår for oss sjølve.

Seks år med stabil raudgrøn regjering med stø styring har vore ein føresetnad for den gunstige situasjonen heile Norge – inkludert distrikts-Norge – er i. Denne politikken er positiv for vårt fylke. Vi har hausta store positive gevinstar, og det har aldri vore så mange innbyggarar i fylket etter 1951. Dette er eit av dei mange positive resultata av ein medviten raud/grøn politikk som har fordelt aktivitet og stimulanse over heile landet.

Den raudgrøne politikken har sikra oss ein god kommunal økonomi der vi kan handle og innrette oss meir langsiktig enn det vi tidlegare har vore vande til. Då er vi avhengige av både ei positiv internasjonal utvikling og gode nasjonale rammevilkår. Dette krev eit fleirtal i Stortinget, og ei regjering som har forståing for distrikta sine særlege verdiar og behov.

Vi har grunn til å kunne forvente ei positiv utvikling på fleire område. Vi er eit ressursfylke med etterspurde kvalitetar på fleire område som vi kan satse på i åra som kjem. Eg tenker då på:
Fornybar energi og reiseliv er viktig.

Vind – ein fylkesplan som legg grunnlag for utvikling innafor rammer som også tek vare på andre kvalitetar.

Vatn – småkraftverk – plan på veg – som utnyttar ressursar som vi kan nytte i eige fylke eller føre ut, når vi har fått auka linjekapasitet på plass.

Den nye linjekapasiteten vil sikre oss både nødvendig tilgang for gamle og nye aktivitetar og moglegheiter for eksport.

Sogn og Fjordane har gode føresetnader for å kunne satse på fornybar energi. Vi vil kunne ta ei leiande rolle nasjonalt. Det vert førebudd større satsingar, i ei kopling mellom kunnskapsbasert næringsutvikling og fornybar energi.

Naturen – i reiselivssamanheng – mykje god marknadsføring, som mellom anna Oppdrag Sognefjorden. Reiselivet har eit vekstpotensial om vi greier å halde fram arbeidet med å utvikle nye mattilbod og opplevingstilbod.

Vi har også andre område med rike moglegheiter for utvikling og nyskaping: Verftsindustrien vår er tufta på solid kompetanse.

Vi har varierte kunnskapsbaserte næringar og ein småskala industri rundt om i bygdene. Prosjektet “Eit kunnskapsbasert Sogn og Fjordane”, med fylkeskommunen som medspelar, skal peike ut fleire næringar der Sogn og Fjordane har særlege føresetnader for å satse.

Vi har frukt, bær, kjøtt og fisk foredla i nye produksjonar – innafor rammene av ideane om kortreist mat og som tradisjonskost.

Og så har vi ei rekke solide satsingar på kultur. Dette er satsingar som vil gje oss nye opplevingar. I tillegg vil satsingane ha positive effektar i verdiskapingssamanheng – både økonomisk, sosialt, kulturelt og innan forsking. Stikkord på slike satsingar er Gulatingsstaden, Norsk Kvernsteinsenter, lokalsamfunnsutvikling, bulyst-satsing, festivalaktivitetane våre og nye formidlingsarenaer. Fredag opna vi Sogn kunstsenter. I 2012 vil nybygget for Sogn og Fjordane kunstmuseum stå ferdig, og i 2013 skal Norsk Reiselivsmuseum etter planen opnast.

Men all aktivitet og næringsverksemd – ny og gamal – føreset at vi har ein effektiv infrastruktur på plass. Vi må ha på plass vegar, breiband og alle dei andre dei tenestene som er ein føresetnad for trivsel og tryggleik. Og her er nasjonal forståing og heilskapstenking avgjerande.

I tillegg til at vi må ha effektive og veldrivne kommunar med økonomi til å drive effektiv tenesteproduksjon med høg kvalitet. Vi må erkjenne at vi har nokre mørke skyer på vår lokale himmel. Eg vil karakterisere nokre av desse skyene som veldig mørke. Fylkeskommunen har god økonomi på kort sikt. Rekneskapen for 2010 vart lagt fram med eit overskot på om lag 30 millionar kroner, og utbytte frå selskapa i 2011 vert om lag 26 millionar kroner høgare enn føresett i budsjettet for 2011.
Dei største utfordringane i komande budsjettprosess ligg i uvissa kring nye inntektsføresetnader. Vi har eit nytt inntektssystem på veg – truleg frå 2014. Dette vil gje ein vesentleg reduksjon i dei inntektsrammer vi har i dag. Vi får ein nedgang i vegrammene.

Vidare får vi ein vesentlege reduksjonen i elevtalet. Samla for fylket kan vi i 2018 vente om lag 600 færre søkjarar til vidaregåande opplæring samanlikna med 2010. I 2024 er nedgangen ytterlegare forsterka, og det vil vere om lag 1000 færre søkjarar enn i dag. Dette kjem i tillegg til at vi framover får ei betydeleg utfordring knytt til rekruttering av naudsynt kompetanse innan vidaregåande opplæring
Dei endra inntektsføresetnadene vil medføre store økonomiske utfordringar for fylkeskommunen.

Politisk står vi dermed framfor ei tøff utfordring. Det vert viktig å få sentrale myndigheiter til å akseptere at det nye inntektssystemet ikkje må rive føtene under eit godt fungerande Sogn og Fjordane. Vi må jobbe både for gode kriterier og overgangsordningar. Eit godt fungerande Sogn og Fjordane er ein nasjonal ressurs som er viktig for heile landet. Denne dimensjonen må vere eit fundament for korleis Sogn og Fjordane vert sett i stand til å halde opp tenester og vidareutvikle infrastruktur.

Men likevel vert det ein krevjande prosess å tilpasse fagtilbod og struktur til nye elevtal når vi samstundes har eit sterkt ønskje om å verne om dagens desentraliserte tilbod. Denne strukturen har vore viktig for å halde opp jamn aktivitet og busetnad i alle deler av fylket.

Det er viktig at vi alt no har fokus på å leggje eit godt grunnlag for å kunne tilpasse det framtidige driftsnivået til dei nye inntektsføresetnadene vi veit kjem frå 2014. Det vert difor ei sentral oppgåve i komande budsjettprosess å sjå dei relativt gode økonomiske utsiktene på kort sikt i samanheng med tiltak som kan lette tilpassinga på driftssida i slutten av planperioden.

Sogn og Fjordane fylkeskommune eig store verdiar, vi har uvanleg høge lokale inntekter. God økonomistyring gjev oss handlefridom. Vi rår over eit rikt og mangfaldig sett verkemiddel, og ambisjonane våre er høge, både politisk og administrativt. Det gjer det lett både å få og ta rolla som leiande regional utviklingsaktør. Næringslivet, organisasjonane og kommunane reknar med fylkeskommunal medverknad, kompetanse og – ikkje minst – pengar.

Handlefridom og ambisjonar gjev – naturleg nok – mest fokus på nye tiltak. Driftskostnadene våre veks mykje meir enn både frie og lokale inntekter, og veksten i driftsnivået er difor umogleg å føre vidare. Vi har for lite merksemd mot innhaldet og kostnadene i eksisterande tiltak og tenester.

Etter kvart blir det naudsynt å stabilisere driftsnivået ved å slutte med noko for kunne vere med på noko nytt. Det vil nok vere lurt å starte førebuinga med på ta inn over seg denne reduksjonen. Det bør gjerast, sjølv om eg veit at det ikkje er lett å motivere til ein så stor reduksjon når vi er i ein så pass gunstig økonomisk situasjon som vi er i dag. Dersom vi skal vinne fram med våre synspunkt og halde oppe Sogn og Fjordane som ein god stad å bu, må vi også gjere ein innsats sjølve.
Det føreset mobilisering, avklaringar og gode planar.

Ein breitt forankra regional planstrategi er ein viktig føresetnad for å vidareutvikle fylket. Dette kjem til erstatning for fylkesplanen. Det nye fylkestinget skal legge rammene for dei neste fire åra og definere retninga på utviklinga. Eg vonar at fylkestinget i dette arbeidet vil lukkast med brei mobilisering, der den aktive partnarskapen vår følgjer opp sine gode tradisjonar med positiv medverknad. Det bør etablerast gode arenaer som kan sette dei viktige tema på dagsorden.

Ei anna viktig utfordring vert at vi raskt lukkast med å legge sjukehusstriden bak oss og bringe gjennomføringa av samhandlingsforma inn på eit godt spor. Dei siste signala er at gjennomføringa av reforma må sjåast på som eit utviklingsprosjekt der ein også må ta tida til hjelp for å få til gode løysingar. Eg trur at det er eit viktig signal.

Vårt fylke er avhengig av at samhandlingsreforma vert gjennomført med eit godt resultat. Det er ein føresetnad for at vi har eit trygt helsetilbod som folk kan ha tillit til. Fylkeskommunen må ta sin del av ansvaret der vi skal vere effektive på førebygging og folkehelse. Eg trur at vi i denne samanheng har eit fortrinn med vår aktive kulturpolitikk. Samspelet mellom kulturpolitikken og andre samfunnsområder, mellom anna helse og omsorg, utdanning, arbeidsliv, integrering og regional utvikling og næringsliv er viktig.

Fylkestinget vil truleg i næraste framtid måtte ta stilling til omfanget og innhaldet i eigarrolla i Fjord1. Det er òg spanande utvikling i vasskraftsektoren på Vestlandet. Desse eigarposisjonane er krevjande og i stadig endring. Dei er viktige for omfanget av fylkeskommunen sine framtidige frie inntekter og dermed for det økonomiske handlingsrommet. Men eigarpolitikken vår må og ta omsyn til risikonivå, og at vi tek vare på verdiane på ein god måte.

Sogn og Fjordane er eit av dei aller beste fylka å bu i. Vi er rike på ressursar. Vi har mange kvalitetar, og vi har minst fattigdom. Vi har ein jamt bra levestandard med minst avstand mellom fattige og rike.

Vi leverer frå oss eit fylke vi kan vere stolte av til det neste fylkestinget, men også dei vil ha mange og krevjande utfordringar å ta tak i.»

Del dette:

Relaterte lenker

Kontaktinfo

Jenny Følling
fylkesordførar
jenny.folling@sfj.no
479 05 990

Åshild Kjelsnes
fylkesvaraordførar
ashild.kjelsnes@sfj.no
918 88 568